Tidi gjeng like fort, um det er aldri så lite gjort.

Ønskeliste

December 17th, 2011

Jepp, det er den tida att. Hulda har publisert (nokre av) ønska sine på bloggen sin.

Even har sagt at han ynskjer seg mellom anna dette:

  • boxershortsar
  • teleskop
  • Lego (helst star wars eller pirates of the caribbian)
  • markeringstusj
  • Star Wars action-figurar
  • DVD-filmar (Biler 2, star wars-filmar, clone wars)
  • Stratego e.l. brettspel
  • Bøker (Harry Potter sprett-opp-biletebok, faktabøker …)
  • Rampete Robin-lydbok (han har “RR og den hemmelige klubben”)

Litt å velje i, med andre ord. :-)

 

 

Sanning

November 13th, 2011

Til ei god venninne:

November 13th, 2011

Trädet

Vad det är dumt att tro
att man kan glömma
och dumt att tro
att tiden läker såren,
Den stora sorgen
- den är intet sår,
den är ett frö
som fötts i hjärtats gömma
och gror och växer
till ett träd med åren
och bär en bitter
blomning varje vår.

-Karl Asplund

Kjære venninna mi; eg er berre ein telefon unna!

11/11

November 11th, 2011

Ser du stjernene, liten, fra der hvor du er?
Ser du månen som speiles i vannet?
Ser du vi gråter? Vi har deg så kjær.
Vet du hvor dypt du er savnet?

Fryser du liten – eller har du det godt?
Sprer du tannløse smil over verden?
Er du redd, er du ensom, kanskje savner du oss?
Har du kjærlighet med deg på ferden?

Kjempet du, liten, før du reiste fra oss?
Fikk du med alt det du trengte?
Fikk du omsorg og lykke og kjærlighet nok?
Merker du hvordan vi lengter?

Kan du høre meg, liten? Når tankene frem?
Kan du gi meg det svaret jeg trenger?
Er du omsvøpt i glede og varme og fred?
I hvile på dunmyke senger?

Elskede unge, får vi treffes igjen?
Det er så stille her hjemme.
Takk for den tiden vi hadde deg her
og for alt som vi aldri skal glemme.

-Magdalene Langslet

Det finnast folk i verda som gjer det som for meg er Den tyngste dagen i året litt enklare å handtera. Takk for meldingar, samtalar, ein god kopp te, ein klem, ein uventa blomebukett, eit ryddig hus å kome heim til og for berre det at de er der viss eg treng det. Eg har så mange å vere glad i, og dagar som i dag er det lett å sjå.

 

De veit kven de er; TAKK!

 

 

Tags: ,

Hat er ikkje løysinga no …

July 23rd, 2011

(English version below)

Eg registrerer at det dukkar opp hatgrupper (mot gjerningsmannen) på Facebook etter tragedia som råka oss alle i går, 22/7-11. Difor ynskjer eg å dela med dykk alle nokre visdomsord eg fekk høyra i dag av min son på 8 år:

 

“Men mamma! Vi må hugsa på at han som gjorde det der, har sikkert familie han òg! Kanskje sit mamma’n hans og gret og er redd for at ho har gjort noko gale for at sonen hennar kunne finne på noko slikt. Dei har det nok forferdeleg no”

 

Takk, kjære sonen min, for at du ser heile biletet, for at du ser menneskeverd hjå alle involverte i denne tragedia. Eg håpar dine tankar vil bli rådande for fleire.

 

Hate is not the solution!

I can see that hate groups against the perpetrator shows up on facebook. So I’d like to share with you the thoughts my 8-year old son shared with me today:

“But mum! We must remember that the man who did those things also has a family! Maybe his mum sits at home crying, wondering what she has done wrong, to have a son who does such terrible things. They must be having a terrible time now!”

 

Thank you my son, for your clear mind and sensible thoughts. I hope your attidude will spread to others!

 

 

Tags: , , , ,

Ope brev til Anne-Kari

April 7th, 2011

Kjære Anne-Kari

Eg vil berre tilstå at i morgon har eg fri, sjølv om eg eigentleg burde ha jobba. Eg veit det var vanskeleg å få tak i folk til i morgon, og eg veit at eg bør yte meir, men likevel tek eg altså fri i morgon, trass i at eg ikkje har arbeidd meir enn 5 av dei siste 6 dagane, og orkar meir viss eg .

Eg vil berre fortelja deg at eg ikkje har tenkt å bruke tida mi på korkje Sats eller kafé, og då er det vonleg i orden for deg? Viss ikkje treng eg klårare retningsliner.

Med venleg helsing

sjukepleiar Monica

Tags: , ,

Fredagskosemat

March 20th, 2011

Som dei fleste andre eg pratar med, likar vi òg her i huset å “feire” at helga tek til med å kose oss med god mat. Veldig ofte tyder “god mat” taco eller pizza, men denne fredagen fann vi på noko anna. Det var berre tre av oss heime (Hulda, Tor Inge og eg), og då vart det spaghetti carbonara. Og det er så godt at eg nesten må passa på å ikkje sikle på tastaturet berre eg tenkjer på maten.

Det finnast mange ulike oppskrifter på spaghetti carbonara, men dette er min favoritt (til tre personar med god matlyst):

400-500 g spaghetti kokast etter tilrådinga på pakka (men skal vere al dente, så bruk den kortaste koketida! Og hugs salt og olje i vatnet.)

Brun 200g bacon i steikepanna, set til 1 hakka lauk når baconet er nesten ferdigbruna.

Bland saman 2-3 eggeplommar, 2 dl fløyte og 100-200g riven parmesan.

Når spaghettien er kokt ferdig, lar du den ligga i eit dørslag og renne av seg. I mellomtida har du egg- og fløyteblandinga i kasserollen og lar det bli varmt (slik at det koker bittelitt). Tøm spaghettien i kasserollen att, og rør godt saman så det blander seg. Ha i bacon og lauk (rør litt til), ha det over i eit litt finare serveringsfat eller direkte på tallerken og strø litt ekstra parmesan samt godt med peppar over.

Kjempegod “hurtigmat” utan hurtigmatpreg. :)

Tags: , ,

Treng vi 8. mars?

March 8th, 2011

Eg er ikkje i tvil; det er klart vi treng 8. mars. Stor takk til Anne-Kari Bratten i Spekter som ga meg ei kraftig påminning om dette i “Her og nå” på radioen i går.

Bratten meiner at det er på tide at arbeidstakarorganisasjonane slipp opp sitt “klamme grep” om medlemmane slik at medlemmane får større fridom til å velje sjølv. Og det ho vil vi skal velje, er mellom anna så forlokkande som å arbeide fleire helger i året og/eller å arbeide 12-timars arbeidsdagar. I følge Bratten er fagforeiningane vanskelege som ynskjer å halda seg innanfor arbeidsmiljølova.

Eg vil berre nemne det; dei fleste i pleie og omsorg arbeider allereie på unnataks-bestemmingane i arbeidsmiljølova (AML), mellom anna ved at vi ikkje har 11 timar kviletid mellom vaktene. Eg kan arbeida til 22:30 og starta att klokka 07. Då har eg 8,5 timar kviletid, det er 2,5 timar mindre enn lova krev. I tillegg seier AML at alminneleg arbeidstid “må ikke overstige ni timer i løpet av 24 timer og 40 timer i løpet av sju dager”. Men dette gjeld ikkje for turnusarbeidarane i pleie- og omsorgssektoren. Når eg går på jobb fredag kveld klokka 15 og til laurdag klokka 15 har eg arbeidd 15,5 timar i laupet av det døgnet. Og då eg gjekk 100% stilling i to-delt turnus, hadde eg iallfall ei veke av seks på turnusen min der eg arbeidde 42 timar. Dette er lov, i følge AML og fagforeiningane. Det tyder ikkje det same som at det er bra for arbeidstakarane!

Bratten ga eit intervju til Dagens Næringsliv på laurdag der ho med god gamal hersketeknikk prøver å sparke føtene unna fagforeinigane og oss som arbeidarar med å mellom anna fortelja oss at “mange alenemødre ønsker å jobbe lange vakter når de har barnefri, slik at de kan jobbe lite når de har barna”. Nokon ynskjer kanskje dette. Og dei som ikkje ynskjer det, tør ikkje seie noko om det, dersom dei då veit at dei får mindre arbeid. For kven er vel meir redd for å miste inntekt enn einslege forsørgarar?

I tillegg kan Bratten fortelja at “det er mange sykepleiere som ønsker å jobbe 12-timersvakter når de først må jobbe i helgen.” Det kan vel skuldast at ein kjenner at ein har valet mellom pest og kolera? Å arbeide helg er belastande for einskildmennesket, det er ei sosial belastning, og vi som gjer dette kan finne på å gripa kvart eit halmstrå som gjev moglegheit for litt meir fri når andre har fri, litt meir normal arbeidsdag slik at vi òg kan ha eit familieliv og eit sosialt liv. For det er ikkje så mange andre som har fri ein tysdag eller ein torsdag, sjølv ikkje skuleborna.

Det er fullt mogleg, Bratten, at du “veit om” og “kjenner til” både “fleire” og “mange” som ynskjer dei endringane du skildrar, men til sjuande og sist er det vi ynskjer oss, eit arbeidsliv som gjer det mogleg å ha ei normal fritid og ei løn til å leve av. Årsaka til at mange av oss arbeider “frivillig” deltid er nettopp at vi prøver å få til dette på eiga hand, avdi vi ikkje finn andre moglegheiter for det. Vi arbeider knallhardt, både fysisk og psykisk, og mange av oss tek feilaktig ansvar for eiget liv og helse ved å arbeide redusert stilling (i staden for å kjempa for meir levelege arbeidsvilkår) på grunn av at det er for belastande å arbeide 100% i turnus. Dette er sanninga for meg og “mange” andre.

Eg trur ikkje Anne-Kari Bratten i Spekter er spesielt interessert i korleis eg skal ha eit best mogleg liv. Eg vil tru at ho som representant for arbeidsgjevarane er langt meir interessert i å få meg og mine medsøstre til å vere fleksible og rimelegast mogleg arbeidskraft, og dersom vi svelger åtet, er vi på god veg dit dei vil ha oss.

Mi kampsak på åttande mars må vere at turnusarbeidarar si arbeidstid ikkje blir redusert til eit punkt langt nede i unnataka i arbeidsmiljølova, eller i eit eiget skriv i tariffavtaler eller private, individuelle avtaler, men at vi har tanke for det kollektive og korleis vi alle skal få eit best mogleg arbeidsliv med løn til å leva av og fritid til å kvile og nyta livet i lag med dei vi er glade i.

(Intervjuet i DN finn du i ei pdf-fil på Spekter si side om den same saka)

Tags: , , , , ,

4×4: Utfordring frå AB.

February 26th, 2011

Kanhenda er det nettopp dette eg treng for å koma meg i gang med blogginga att? Eg er sant å seie flau over kor lite blogging det har vore med meg. Dette er faktisk det fyrste innlegget på tre månader

Vel, til saka:

Den flotte dama bak bloggen ABs lille verden har sendt meg ei utfordring. Og det bør eg vel ta på stak arm. Eg skal skriva 4 ting eg har gjort i dag, 4 ting eg ynskjer meg og 4 ting eg likar dårleg. Og så skal eg utfordra 4 andre. La oss setje i gong!

4 ting eg har gjort i dag:

  • Lese avisa leeenge og nøye. Det er berre laurdagar eg tek meg tid til det, på kvardagane blar eg berre kjapt igjennom.
  • Eg har vore ute og aka i lag med ungane. Det er merkeleg kor nervøs ein blir etter kvart som ein blir eldre. No synast eg jo at rattkjelken er kjempeskummel! Og ungane synast eg er ei pyse …
  • Kjøpt laurdagsgodt! (Til meg sjølv altså. Ungane kjøper sitt eiget)
  • Laga og drukke varm sjokolade til lunsj i lag med familien min. Mmmmmmm!

4 ting eg ynskjer meg:

  • Nye gardiner til stua. Det skulle eg eigentleg kjøpa denne månaden (trudde eg), men så gjekk tørketrommelen sund. Og i og med at vi er ganske mange i husstanden, og tre av ungane driv med fotball, så må vi faktisk ha tørketrommel. Eller fleire sett treningstøy og handdukar. Så dei raude gardinene heng oppe enno, men kanskje neste månad ..?
  • Fleire laurdagar per månad! Laurdag er den aller beste dagen i veka, men den går så alt for fort …
  • Ein stor bukett tulipanar. Eg fekk det til morsdagen, men eigentleg vil eg ha tulipanar kvar helg, iallfall på denne tida av året.
  • Litt meir ordenssans. Og ork til å halda meir orden i huset. Eg blir litt lei av mitt eiget rot av og til, men stort sett trivast eg med å ha det slik som vi har det her heime.

4 ting eg likar dårleg:

  • Fordomsfulle menneske som ikkje har vilje til endring.
  • Måndagar. Dei er travle, stressande og slitsame.
  • Blank-is. Eg er like redd på glattisen no som eg var då eg var lita og ikkje våga krysse gardsplassen på blankisen før nokon kom og hjalp meg. Skilnaden er berre at no kan eg ikkje stå og ropa om hjelp, for det ser litt dumt ut. Dessutan bur vi litt aude, så eg hadde truleg vorte ståande til isen forsvann …
  • Stress! Når eg kjenner at eg ikkje har kontroll på situasjonen, blir eg stressa. Eller når eg har dårleg tid, eller ikkje rekk alt eg skal. Men eg øver på å handtera det betre, og eg har kome ganske langt, heldigvis.

4 fine folk eg vil utfordra:

Tek dei utfordringa, tru?

 

 

.

 

Tags: ,

Kom arbeidslyst og treng deg på …

November 17th, 2010

Eg trur eg har brukt opp arbeidslysta i denne omgang, i alle fall. Eg tok litt av, for å seie det slik.

Det heile starta med denne:

Ein vanleg, kjedeleg spisestuestol. Som eg var lei av. Og så, på ein kjedeleg søndag, finn eg ut at eg må “gjere noko” med stolen. Og eg hadde jo litt malingsrestar etter at eg mala amerikakofferten min. For godt over eit år sidan. (Visste du forresten at maling har “best før”-merking? Ikkje eg heller. Men eg har funne ut at ein glatt kan bruka malinga minst eit halvt år etter denne datoen) Og nokre penslar var det òg å oppdriva. Samt litt stoff. Og masse arbeidslyst.

Her er resultatet:

x 4, faktisk (med amerikakofferten på same bilete):

Eg synast sjølv det vart fint. Men så fell augo på denne seksjonen, som vart veldig mørk og traurig då stolane vart så fine:

Og då måtte det handlast inn meir maling, for dette kunne eg jo ikkje gå rundt og irritera meg over. Og slik vart resultatet:

Bokhylla i samme serie som seksjonen måtte òg til pers, så klart:

Men no er eg ferdig for ei stund. Trur eg.

Tags: ,

Powered by WordPress

Blossom Theme by RoseCityGardens.com