No har eg vore åtte veker i medisinsk praksis, og er ferdig med den biten av sjukepleiestudiet. Det har gått raskt, trass i at eg undervegs ikkje såg noko ende på det … Det har vore åtte spennande, interessante, utviklande og slitsame veker. Sjukepleiefagleg har eg utvikla meg enormt, men eg skal innrømma at eg [...]
Når eg har vore oppteken i praksis, har ungane vore nøydde til å “nøye seg med” Tor Inge. Dei fyrste dagane var det litt sutring frå Even over at mamma ikkje leverte han i barnehagen slik han var van med, og mamman sleit med dårleg samvit … Men som de ser; guten hadde det definitivt [...]
Etter at eg fekk Verdas Beste Kjøkkenmaskin i hus, har det vorte ein del brødbaking. Det er fint lite som slår lukta av nysteika brød, og Electroluxen greier store deigar utan problem, noko som er naudsynt når ein innimellom er både seks og sju svoltne personar i huset. Eg har alltid elska dei heimelaga brøda [...]
Med den tidlegare nevnte bærbare datamaskina, fekk eg ein 3månaders lisens på programmet Norton Internet Security. Jaja, tenkte eg, eg kunne jo alltids installera Norton fram til eg fekk lasta ned nok ein versjon av F-secure som eg nyttar på den stasjonære maskina. Etter mykje plunder, fann eg ut at eg måtte installera F-secure allereie [...]
Endeleg fekk eg min lenge etterlengta bærbare pc i hus. Det er noko eg har spara til og sett fram til leeeenge, så no er eg lykkeleg!
Start.no spør på http://www.start.no/quiz/2001/11/22-4439.html kva for song som passar best til meg, og etter å ha fylt ut, får eg svaret: Din sang er Dum Dum Boys’ Splitter Pine!Du ser verden gjennom et litt uvanlig filter, kan oppfattes som en rebell, men relativt ufarlig. Jaja, det er iallfall ein song eg alltid har likt!
Godt nytt år alle saman, og takk for det gamle!Her er Hulda og Even med ein syngande snømann dei fekk i julegåve. Nyårshelga har vore hektisk, men triveleg med feiring av 3- og 7-årsdag. Helser til alle som hugsa oss med jule- og bursdagsgåver!
Godt nytt år alle saman, og takk for det gamle!Her er Hulda og Even med ein syngande snømann dei fekk i julegåve. Nyårshelga har vore hektisk, men triveleg med feiring av 3- og 7-årsdag. Helser til alle som hugsa oss med jule- og bursdagsgåver!