Norton Internet Security

Med den tidlegare nevnte bærbare datamaskina, fekk eg ein 3månaders lisens på programmet Norton Internet Security. Jaja, tenkte eg, eg kunne jo alltids installera Norton fram til eg fekk lasta ned nok ein versjon av F-secure som eg nyttar på den stasjonære maskina.

Etter mykje plunder, fann eg ut at eg måtte installera F-secure allereie same kveld som eg hadde fått maskina i hus, for Norton var særs lite brukarvenleg i mine auge, og det var då det verkelege strevet byrja, for Norton ville ikkje la seg avinstallera heilt utan vidare … Programmet var ikkje synleg i “Legg til/fjern programmer”, Bluecom kunne heller ikkje avinstallera programmet, det fanst ingen menyval for avinstallering i Nortonmappa, og eg vart meir og meir frustrert. Men; eg var sjølvsagt ikkje den fyrste personen i verda med dette problemet, eg googla på “avinstallere Norton”, og fann redninga på denne sida. Det beste rådet eg kan gje til andre, er å ikkje installera Norton med mindre du er heilt sikker på at det er det programmet du ynskjer å nytta …

Tags:

Leave a Reply