Sundagstur


Sist sundag var me på tur til Roknesvollen. Veret var strålande og me storkosa oss! Årsaka til at det vart denne turen nettopp denne dagen var at Tor Inge vart 35 år, og når han fekk avgjera kva me skulle gjere, vart det naturleg nok ein tur.

Det er omlag to kilometer frå parkeringa til Vollen, og som biletet syner; Even traska og gjekk. Han var sliten på heimturen, men han greide alt på eigne bein. Hulda og Linn-Therese møtte me ikkje att før me kom fram til Vollen, for dei forsvann nesten rett etter at me hadde byrja turen. Det er fine stiar innover, og det kjennast trygt og godt å la ungane utfalda seg litt og springa som dei sjølv vil.

Vel framme drakk vi kakao og kaffi og elda bål og grilla pølser og ostesmørbrød. Foreldra til Tor Inge vart òg med på turen, og det vart ei triveleg stund for oss alle.

  • Ingen postar liknar denne!

No Responses to “Sundagstur”

  1. Synnøve Says:

    Dette så koselig ut, både for store og små. Du må gratulere bursdagsbarnet fra oss,han går vel bare og gleder seg til jakta….

  2. Johan Says:

    Hei Monica! Jeg titter innom min gamle hjemmeside (gjemmeside, kan man si) og sjekker for lenkeråte, din er ikke røten, koselig å se så mange bilder og greier.

    Johan, 3MN,

  3. Tromp Says:

    Heisann! Lenge sidan sist! No lengtar eg heim. Roknesvollen er ein fin fin tur i alle fall med små-folk. Har vore der mange gonger, mest om vinteren sjølvsagt og ete snøgglønsj-sjokolade.

Leave a Reply