Handarbeidsoppsummering

Eg har ikkje strikka tidlegare, det vil seie; eg har aldri gjort ferdig eit strikkearbeid tidlegare, men no som vi snart skriv mai, er det på tide å ta ei kort oppsummering over kva eg faktisk har strikka i år: – 4 par ullsokkar – 3 par vottar – 1 lue – 1 par pulsvanter [...]

Oppdateringar

Eg freistar oppdatera bunaden på bloggen min i og med at han har vore ganske statisk den siste tida, men eg er slett ikkje viss på at eg får det til slik eg har tenkt. No er helga forresten snart over, og i morgon skal eg på vegleiing i samband med bachelopoppgåva mi. Eg vonar [...]

Fotball-cup

I helga har det vore Bend-it-cup i Verdalshallen, og dagen til Hulda vart redda då ho skaut to mål i den siste kampen og laget hennar vann 2-1. Jentungen er ganske ærekjær (er det arveleg tru?), så for “fotballframtida” hennar (og mitt stolte morshjarte) var det ein stor fordel at det vart mål. Mygg-spelarane har [...]

Bacheloroppgåve

I desse dagar skal det skrivast bacheloroppgåva. Eg synast eg tenkjer på oppgåva heile tida, men det er vanskeleg å samanfatta alt og få det ned på data. Eg har til no stort sett ferdigstilt dei to fyrste kapitla; innleiinga og metode-kapittelet. Innleiinga må sjølvsagt reviderast etter kvart, men i grove trekk har eg avgjort [...]

Jobbintervju

I dag har eg vore på mitt fyrste jobbintervju nokon sinne. Eg har søkt på stilling som sjukepleiar i Levanger kommune, og kom gjennom nålauget til intervjuet. Eg veit ikkje korleis det gjekk, men i følge intervjuarane (dei var tre!) hadde eg visst klart meg ganske bra. Men eg er usikker påom eg får stillinga, [...]

Snart sjukepleiar …

No er eg ferdig med min siste praksis! Hadde sluttevaluering i dag, og dette var faktisk den siste praksisen i heile studiet. Det einaste som står att no, er ein oppgåve relatert til psykiatrien, 4 dagar på skulen og dinest intensiv skriving av bacheloroppgåve. Eg gler meg eigentleg til å skriva bacheloroppgåva, men samstundes er [...]

Nerd!

Bror min, Lasse, hadde teke ein nerdetest og nyfiken som eg er, måtte jo eg òg gjere det. Resultatet vart skremmande: