Fotball-cup

I helga har det vore Bend-it-cup i Verdalshallen, og dagen til Hulda vart redda då ho skaut to mål i den siste kampen og laget hennar vann 2-1. Jentungen er ganske ærekjær (er det arveleg tru?), så for “fotballframtida” hennar (og mitt stolte morshjarte) var det ein stor fordel at det vart mål.

Mygg-spelarane har forresten endra seg mykje frå i fjor, i år liknar det definitivt meir på fotball enn det har gjort tidlegare, og innsatsen er på topp til alle spelarane.

  • Ingen postar liknar denne!

Tags:

Leave a Reply