Handarbeidsoppsummering
Eg har ikkje strikka tidlegare, det vil seie; eg har aldri gjort ferdig eit strikkearbeid tidlegare, men no som vi snart skriv mai, er det på tide å ta ei kort oppsummering over kva eg faktisk har strikka i år:
- 4 par ullsokkar
- 3 par vottar
- 1 lue
- 1 par pulsvanter
- 1 veske
- 1 poncho (manglar frynser og trådfesting enno)
- Ullgenser til Hulda
- Ullgenser til Even
- Panneband til Even
- 2 stk Calorimetry til Hulda
Og i skrivande stund har eg både ein genser og firkanttøflar på pinnane. Det har faktisk vorte ganske vanskeleg å sjå TV med hendene i fanget.
Hulda med grøn Calorimetry:
- Postar som kanskje liknar:
- Venninnegåve
- Sommartopp
- Ferdig sommartopp!
- Sommartopp i bruk
- Bambuspinnar
Tags: strikking


December 31st, 2007 at 13:32
[...] Hovudet er sort sett fullt av bacheloroppgåve og jobbintervju, men det er tydelegvis tid til litt handarbeid innimellom … (Og forresten; eg fekk jobben eg søkte på, og trivast godt i han [...]