FERDIG!
I går leverte eg bacheloroppgåva mi, og er endeleg ferdig. Det har vore eit slit dei siste vekene, men no er det faktisk gjort. Og om tre veker håpar eg at eg kan kalla meg sjukepleiar.
I går leverte eg bacheloroppgåva mi, og er endeleg ferdig. Det har vore eit slit dei siste vekene, men no er det faktisk gjort. Og om tre veker håpar eg at eg kan kalla meg sjukepleiar.
No er pinsa snart over, diverre. Det har vore nokre herlege dagar, sjølv om veret nok kunne vore litt betre. Laurdag var vi “berre” heime og fekk besøk av Besten, sundag var vi til syster til Tor Inge i bursdagsselskap og i dag skulle vi ha vore på båttur, men det vart det ikkje noko [...]
Eg ga bort eit sjal og pulsvarmarar til ei venninne som vart 29 år i helga. Ho vart visstnok ganske så glad! Mønsteret fann eg på Garnstudio.
Eg var til vegleiing torsdag, og vegleiaren var ikkje heilt fornøgd med oppgåva. Ein del av drøftinga likna særs lite på drøfting, så det har eg prøvd å gjere noko med no. No er eg meir attende til den vanlege kjensla eg plar ha ved innleveringar; eg har ikkje peiling på om oppgåva er god [...]
… på oppgåva. Det er ei veke og ein dag att til innleveringsdato, og i morgon skal eg på mi siste vegleiing. Eg håpar at vegleiar er samd med meg i at oppgåva ser (så godt som) ferdig ut. I så fall er det fint lite att å gjere, og det tyder at eg kanskje [...]
Ragnhild spurde om kva for bunad eg har. Dette er ei Norsk Festdrakt som eg kjøpte på Sparkjøp. Fantastisk pris på ei utruleg fin drakt! Og passforma var perfekt. Årsaka til at eg “måtte” kjøpa noko bunadsliknande er at når eg har levert avsluttande oppgåve i sjukepleie, skal vi ta kull-bilete. Då skulle majoriteten av [...]
Eg sa eg kanskje kom attende med fleire bilete frå 17. mai, og det gjer eg sanneleg. Eg gjekk i barnetoget i lag med Even og resten av barnehagen hans, og det var kjempekoseleg. Sjølv om det var langt, var Even flink, og traska og gjekk heile vegen utan klaging. På dette biletet har han [...]
Her er vi klare for å feira 17. mai 2007. Dagen vart kjempebra, og det kan godt henda det dukkar opp fleire bilete litt etter kvart.
Det er sagt og skrive mykje om personvern i samband med at Facebook har vorte så populært, og Datatilsynet har lagt ut eigne retningsliner for bruk av Facebook. Det eg synast er viktigast, er punkt sju i desse retningslinene: “Det du ikke ville sagt om deg selv eller andre i en større forsamling av kjente [...]
Chryslern kom heim att før helga, men trur du han hadde funne ut av motorproblema då? Nei, bilen hadde oppførd seg eksemplarisk kvar gong verkstadmannen hadde brukt han, men det vart nokre nye opphengskuler og bytting av styrestag eller noko sånt, og han vart litt tettare i styringa att. Ikkje rart ting rister laus når [...]