Drakta mi

Ragnhild spurde om kva for bunad eg har. Dette er ei Norsk Festdrakt som eg kjøpte på Sparkjøp. Fantastisk pris på ei utruleg fin drakt! Og passforma var perfekt.

Årsaka til at eg “måtte” kjøpa noko bunadsliknande er at når eg har levert avsluttande oppgåve i sjukepleie, skal vi ta kull-bilete. Då skulle majoriteten av studentane ha bunad, og eg fann ut at dersom ikkje eg hadde bunad, ville eg ikkje ha lyst til å vere med på biletet. Eit kjapt søk gjorde at eg fann denne drakta, tinga ho på postordre, og då eg pakka ho ut, var ho faktisk finare enn forventa.

I halsen valde eg å ha Trondheimsrosa, då eg er fødd der, og budde der til eg var ti år. Ein langsiktig plan er forresten å laga ei veske til drakta, men det vert iallfall ikkje aktuelt før neste 17. mai.

Tags:

Leave a Reply