Oppdatering

Chryslern kom heim att før helga, men trur du han hadde funne ut av motorproblema då? Nei, bilen hadde oppførd seg eksemplarisk kvar gong verkstadmannen hadde brukt han, men det vart nokre nye opphengskuler og bytting av styrestag eller noko sånt, og han vart litt tettare i styringa att. Ikkje rart ting rister laus når vi har nesten ein kilometer med dårleg vedlikehaldt kommunal grusveg … Forresten har ikkje bilen vist teikn til åtferdsproblema sine att enno heller, så eg krysser fingrar.

I dag har eg vore på fagkonferanse i samband med sjukepleiardagen som var på laurdag. Godt å gjere noko anna enn å skriva bacheloroppgåve òg, og det var både artig og nyttig å vere på konferansen, så det var fornuftig tidsbruk, har eg funne ut.

I ettermiddag fekk eg endeleg lagt opp bunaden til Hulda, så snart kan17. mai berre koma.

Tags:

Leave a Reply