Archive for May, 2007

Fantastisk overrasking!

Friday, May 11th, 2007

Eg tinga ei forundringspakke frå Mauds garn her om dagen, og på bestillinga skreiv eg litt om meg, kva eg likte og at eg har to ungar som eg likar å strikka til, og eg håpa på at Maud kunne sette saman ein pakke eg ville lika og ha nytte av. Og gjett om ho gjorde!!

I går kom pakken,den var kjempeinnhaldsrik, og den inneheldt meir enn eg hadde trudd; to mønsterhefter, to mønsterark, fasettperler og over eitt kilo garn i flotte fargar og spennande kvalitetar. Ho hadde til og med foreslått kva eg kunne stikka til ungane mine. Det er tenesteyting på høgt nivå! No har eg masse å kosa meg med på kveldane framover. :)

Tusen tusen takk, Maud!

Sjuk bil

Monday, May 7th, 2007

Bilen min har ei tid hatt åtferdsproblem. Ikkje direkte ADHD-liknande, meir i retning ein depresjon. Han akselererer ikkje som han skal, iallfall ikkje når han har vorte varm og blir stoppa og deretter starta att etter kort tid, og av og til går han dårleg på tomgang. I tillegg er det nokre udefinerbare dunkelydar under bilen, og alt dette gjer no at stakkaren skal inn på verkstad, så for ei tid,vert eg billaus. Eller rettare sagt; Tor Inge blir sprek, for han må sykla til jobb så eg kan bruka den vesle, søte Renaulten hans. Då blir det spennande å sjå om eg framleis handterar manuell giring. :)

Ønskeliste oppdatert

Saturday, May 5th, 2007

I og med at det ikkje er alt for lenge att til bursdagen min, har eg oppdatert ønskelista i margen. (jepp, det var eit dårleg skjult hint)

Meir bacheloroppgåve

Friday, May 4th, 2007

Eg trudde eg hadde kome langt i oppgåva mi, då eg plutseleg oppdaga at det eg hadde gjort var direkte feil! Det eg trudde var drøfting, var slett ikkje det, det skulle inn i teorikapittelet, og det eg hadde skrive i teorikapittelet, høyrde ikkje heime nokon stad. Så då var det berre å fjerna ein 2-3000 ord, og byrja om att. *sukk*

Men det eg sletta frå oppgåva, er framleis lagra i tilfelle eg skal få bruk for det ein eller annan stad. Om ikkje anna lærte eg sikkert meir på det å skriva litt ekstra …

Jobb og slikt

Wednesday, May 2nd, 2007

Det ser sanneleg ut til at eg får arbeid allereie før eg er ferdig på skulen. Det jobbintervjuet eg var på førte til eit tilbod om 50% stilling som sjukepleiar ved ein sjukeheim i Levanger, og dette seier eg nok ja til.

Gler meg til å byrja i jobb og få bruka kunnskapen eg har samla dei siste tre åra.

Gratulerer med dagen!

Tuesday, May 1st, 2007

1. mai er feira på Verdal med frukost og tog. Vi gjekk under parolene til Verkstedklubben Aker (fellesforbundet) med “Forsvar AFP”, og Hulda og Even bar stolt eigne plakatar. Toget gjekk til Minsaas Plass der det var appellar og tale.


Parolene som tok mest plass og merksemd i toget var nok AFP-ordninga og parolene mot kalkovn på Ørin. Eg må innrømma at oppmøtet faktisk var større enn eg på førehand trudde det skulle bli, så for min del vart det ein brukandes 1. mai.

Eit glimt frå toget:

Helsar til alle med fyrste vers av “Seieren følger våre faner” av Arne Paasche Aasen

Seiren følger våre faner
fram gjennom stormer og strid,
løft dem høyt i sterke hender
over vår jernhårde tid.
Det er fedres dyre arv,
de var trofast med
der hvor slitets menn og kvinner
for sin frihet stred.
De gav kraft og pågangsmot
når vi gikk til slag:
Seiren følger våre faner!
Arbeidsfolk, slå lag!