Pinse

No er pinsa snart over, diverre. Det har vore nokre herlege dagar, sjølv om veret nok kunne vore litt betre. Laurdag var vi “berre” heime og fekk besøk av Besten, sundag var vi til syster til Tor Inge i bursdagsselskap og i dag skulle vi ha vore på båttur, men det vart det ikkje noko av nei …

Besten hadde invitert oss med på båttur, og vi troppa opp. Du kan tru alle (og spesielt Besten) vart lange i maska då det viste seg at batteriet til båten hadde lada ut. Men det vart ein kopp kaffi i båten, og så gjekk vi og fiska frå moloen i staden. Ungane fikk nokre småfiskar, og etter fisket åt vi sodd hjå Besten. Og alt i alt trur eg at alle var samde i at det hadde vore Ein Fin Tur. :)

  • Ingen postar liknar denne!

Leave a Reply