I helga var vi på hyttetur i Aker Verdal si hytte i Trongsundet i Mosvik. Hytta har åtte sengeplassar fordelt på 3 soverom og i tillegg er det stue, kjøkken eit lite bad og ein romsleg veranda med badestamp med vedfyring. Til hytta høyrer òg ein båt som vi nytta flittig heile helga. Fredag kveld [...]
Her har Hulda teke sommartoppen i bruk. Biletet vart relativt dårleg, men det får gå for denne gongen. Ho vart iallfall kjempefin!!
I dag kom resultatet av bacheloroppgåva, og eg fekk B, så eg må nok seie meg nøgd. No er tre års høgskule endeleg avslutta, og eg er sjukepleiar heilt på ordentleg.
Vi har eit speilreflekskamera som ikkje er heilt friskt. Av og til, får vi feilkode “Err 99″, og dette gjer at vi eigentleg ikkje nyttar kameraet så mykje som vi kanskje elles ville gjort. Det er trist når ein ikkje får til dei blinkskota ein ser ein har høve til. Eg prøvde å lasta ned [...]
For snart to veker sidan (fredag 8. juni), hadde eg og Even fri frå barnehage og arbeid, og då eg kvelden før spurte han kva me skulle gjera på fridagen, hadde han svaret klart; gå tur til vatnet. Vi har eit vatn som ligg 2,5 – 3 km innover (oppover, eigentleg) i skogen her, og [...]
Laurdag sendte eg sommartoppen til stemora mi, Synnøve i Trondheim, og i dag fekk eg MMS med biletet til venstre. Dette gjekk sanneleg raskt, og riktig lekkert vart det! Tusen takk for hjelpa, Synnøve! Eg er kjempeimponert! Og kjempeglad! Reknar med mottakaren vert det òg.
Eg har strikka ferdig sommartopp til Hulda i Mandarin Petit. No manglar det ein heklekant i multifargar rundt halsringing, ermer og nedst på toppen, men for å få til det, må nok plagget overlatast i meir kyndige hender enn mine …
Even har prata om hest leeenge, og han har hatt lyst til å ri. Gjett om han vart glad då Tvistvold barnehage skulle på tur heim til den eine assistenten i barnehagen og ri på nordlandshest?Må innrømma at eg var litt skeptisk til om Even var så tøff som han ga inntrykk av, så eg [...]
Eg har hatt litt motstridande kjensler til datamaskina mi etter innspurten med bacheloroppgåva, og når det i tillegg har vore ei veke samanhengande med finver i Trøndelag, har bloggen vore det siste eg har hatt i tankane. Men eg har lovt å fortella om Den Store Dagen, og då meiner eg bursdagen, sjølv om det [...]
I dag er eg tredve år! Dagen feirast i Trondheim, og eg gler meg stort.