Hyttetur


I helga var vi på hyttetur i Aker Verdal si hytte i Trongsundet i Mosvik. Hytta har åtte sengeplassar fordelt på 3 soverom og i tillegg er det stue, kjøkken eit lite bad og ein romsleg veranda med badestamp med vedfyring. Til hytta høyrer òg ein båt som vi nytta flittig heile helga.


Fredag kveld grilla vi, og her ser de vi et (og et og et). Even var ikkje så veldig interessert i middag; på biletet her, står han i bakgrunnen og grillar Marshmallows.

Det er ganske utruleg kor mykje mat vi greier å pakka i oss, men samstundes er det enno meir imponerande at eg og Tor Inge nesten alltid handlar og lagar dobbelt så mykje som vi eigentleg treng. Men for å seie det slik; dersom vi får uventa besøk, vert nok alle mette likevel! Og elles er vi gode til å ete restemat i etterkant av slike fråtse-måltid.

Even fann seg ein grillspyd som han var heilt overtydd om at skulle brukast til å grilla desserten hans …

Seinare på kvelden fyra vi i den store badestampen før vi tok ein tur på sjøen og fiska.

Hulda fekk ein diger torsk, bilete av denne kjem seinare, for dei vart teke med Hege sin telefon.

Etter sjøturen var vatnet i badestampen framleis berre 25 grader, men dette skremte ikkje Even som vart fyrstemann uti. Etter å ha sjekka temperaturen, tok han sjansen på å dukka nedi, men han meinte det ikkje var riktig godt og varmt enno då …

Hulda var ikkje direkte imponert over temperaturen så tidleg, så ho nøyde seg med å vassa litt i fyrste omgang:

Etter kvart som det vart fart på fyringa, vart temperaturen heilt opp på 39 grader, og då var det så varmt at sjølv mor kunne bada!

Det gjorde godt med ei avslappingshelg att, eg trur vi kosa oss alle mann.

  • Ingen postar liknar denne!

No Responses to “Hyttetur”

  1. pappa Says:

    Dette så da veldig trivelig ut.

  2. Monica Says:

    Ja, det var det! :) Berre synd at helga alltid er så kort … *sukk*

  3. malla-b Says:

    Dette såg koseleg ut. Det er triveleg med hytteturer. Synest det er imponerende med så mange barn.

  4. Dolci Says:

    Hytteturer er herlige!! Og det ser jo ut som dere storkoser dere :-)
    Ha en fortsatt flott uke!

  5. hulda Says:

    det var gøy der å du mamma har tatt bilde tå me når e skule skjene om det var varmt i ……..
    *du mamma du mamma*

Leave a Reply