Tysdag hadde eg og Even fridag, og her leikar han fotomodell: Er det ikkje ein fin gut eg har? (For dei som er interesserte i strikkinga mi: Eg driv framleis og tjonar med genseren til mannen. Bolen er ferdig, og eg strikkar på den fyrste arma. Det tek tid, men den er nok ferdig før [...]
Det har vorte kaldare i Trøndelag, og Even saknar regnvottar. Eg har leita over alt, men finn ikkje ein einaste regnvott. Har det vore tussar på ferde? Det positive er at eg har sett igjennom alle andre kleda vi har no, så eg veit kva vi treng til vinteren, trur eg iallfall.
I verda mi vert husarbeid gjort etter skippertak-metoden, og no var det sanneleg på tide att. I helga har eg rydda og vaska rommet til jentene og i dag har eg byrja med Even sitt rom. Innimellom vaskar, heng opp og legg eg saman kle. På jenterommet var det så mykje skittentøy på dei mest [...]
I dag vakna eg kvart på 8 av at eg nesten blas ut av senga. Å ha to vindauge i luftestilling var tydelegvis nok til at vinden fekk godt tak. Vel vel, eg får nytta dagen når eg er oppe så tidleg. Hunden syntest det var på tide med ein tur ut allereie før ni, [...]
Eg har fått mi fyrste TAKK-gåve! Postkasselokket stod formeleg og hoppa då eg kom til postkassa i dag, og som den pessimisten eg er, må eg innrømme at eg frykta ho var smekk full av rekningar med forfallsdato om 4 dagar eller noko slikt. Stor vart gleda då det låg ein tjukk, brun A4-konvolutt med [...]
… med eit nytt prosjekt. Biletet vart ikkje så bra. Ønskjer meg ny mobil med betre kamera! Men iallfall; eg broderer i krossting. Det er nok ei stund til eg kan visa fram det ferdige resultatet, men det er ganske koseleg å halda på og “små-tjone” med!
Då Hulda sat ved kjøkkenbordet og åt frukost før fyrste skuledag som tredjeklassing, byrja ho plutseleg å flira medan ho peika ut vindauget. Og der, like utanfor hagegjerdet, gjekk det nokon som tydelegvis hadde rømt frå beitet sitt i skogen:Eg måtte ta biletet gjennom vindauget, for dei er ikkje spesielt glade i folk, desse sauane. [...]
Irenes innlegg på Hobbyforum fekk meg til å hugsa at eg tenkte eg skulle reklamera for nettstaden Knitting Daily. Viss ein registrerer seg der, får ein tilgang til mellom anna mange fine gratis oppskrifter, og mykje anna som kan vere noko å kose seg med for strikkeinteresserte. Ta turen innom!
I dag har eg teke (kort) helg. Eg har vore på arbeid frå 7-15 i dag, men skal ikkje på arbeid før klokka 15:30 i morgon. Då går det liksom an å kjenne at ein har litt fri likevel. I tillegg er det ein flott gjeng eg arbeider i lag med, så helga er eigentleg [...]
Hulda hadde ein veldig god ven i barnehagen då vi budde på Levanger, og ho er framleis veldig glad i han. I dag let ho kreativiteten få frie tøylar, og resultatet vart eit brev som ho no har sykla for å putta i postkassa. Håpar det er ein gut som vert glad når dette dukkar [...]