Dokke-bukse


Då Even skulle til pappaen sin på sundag, kom han plutseleg dregande med ei dokke
. Dokka var ein BabyBorn-kopi som Hulda hadde fått for om lag seks år sidan, men då ho fekk ekte BabyBorn, let ho veslebror overta dokka.

Stort sett har Even leika med dokke i lag med systera, og ikkje åleine, men no fortalde han at “ungen hans” skulle vere med til pappa. Eg spurde kva for namn ungen hadde, og fekk svar umiddelbart; “Han heite Tor!”

to 70 years of age (4) .uncertain (3) . This underscores the need for cardiovascular cialis online.

. Tor hadde berre på seg ein genser, så vi måtte leite bukse til han, men i og med at det stort sett har vore jentedokker i huset, såg han ganske feminin ut i lakseraud bukse … Difor sette eg meg med i går, med trysilgarn på pinne nr 5 ogei oppskrift frå Familien, og resultatet ser de på biletet (Modell for buksa er Hulda si BabyBorn)
.

Prata med Even i telefonen i dag og lovde at eg skulle sende buksa i posten, så den ligg no i ein konvolutt på kjøkkenbordet og ventar
. Håpar han vert glad for pakke i posten!

Tags:

No Responses to “Dokke-bukse”

  1. malla-b Says:

    Det blir sikkert ein glad gut som får pakke i posten. buksa blei fin den.

  2. Sina Says:

    Han blir sikkert kjempe glad! Flott bukse:) Maskulin;)

  3. Jorun Says:

    Jeg kjenner meg så godt igjen i mye av det du skriver! Det er bare et par uker siden jeg sendte dukkesokker til min egen feriejentes “Thomas”.

  4. Hege Says:

    Her leker minstemann også med dukker, både alene og (helst) sammen med storesøster. Kjekt med litt gutteklær, har tenkt tanken selv :)
    Fortsatt god sommer!

Leave a Reply