Archive for August, 2007

Arbeidshelg

Friday, August 17th, 2007

Etter å ha teke in del ekstravakter i sommar, er det eigentleg litt godt å ha arbeidshelg, for då veit eg iallfall at denne gongen er det tre veker til neste helg eg skal arbeida.

Denne helga er forresten ei av dei betre; kveldsvakt i dag, dagvakt i morgon og kveld på søndag. Då får eg iallfall litt fri på laurdag kveld og kan kosa meg med familien. Det gler eg meg til!

Mor mi

Thursday, August 16th, 2007

Mamma var ein diktar. Ho skreiv heile livet, og ho skreiv godt. Dikta hennar er att etter ho, og eg har mange av dei lagra på datamaskina. I desse kan eg finna trøyst og von når eg treng det, eller eg kan la tårene trilla og kjenna på saknet viss eg ynskjer det.

Etter å ha lese nokre bloggar i samband med Oktoberrosa-aksjonen, kom eg til å minnast eit dikt mamma skreiv, og det ynskjer eg å dela med dykk. Håpar de òg likar det, og at de spør om lov dersom de sjølve har lyst til å bruka det til noko.

Hvis jeg fikk leve -

Hvis jeg fikk leve
mitt liv
om igjen


skulle jeg
smile mer
og gråte oftere

Jeg skulle stå opp
flere tidlige
sommermorgener


og gå barbent
i gresset
helt alene

Jeg skulle bruke
mer tid på
å finne ut


hvem jeg er
enn hva som
forventes av meg.


Hjørdis Gausen Renli

Men eg trur at dei siste åra mamma levde, gjorde ho mykje av dette. Ho fann nok ut kven ho var, og ho slutta tenkje på kva som vart forventa av ho. Mamma levde og nyta livet den siste tida, og det er det godt å tenkje på i ettertid …

Eg har forresten redigert dette innlegget mange gongar no, for eg har problem med å hugsa at eg skal skriva i fortid. Trur det går lang tid før eg har vent meg på at ho ikkje er i lag med oss på jorda meir.

Hemmeleg ven

Wednesday, August 15th, 2007

Eg har meldt meg på Hemmeleg Ven på Hobbyforum. Det fungerer slik at dei som melder seg på får melding om kven dei skal sende pakke til. Verdien på pakka skal vere ca 150,- uten porto, og pakka skal vere sendt innan ein bestemt dato. Ein har lov til å legge litt føringar ved å laga seg ei ønskeliste, så akkurat no er det det eg driv og bryr hovudet mitt med; kva i all verda skal eg ønske meg? Då eg var med på Hemmeleg Sommarven fekk eg mellom anna bambuspinnar frå Sipusa og det vart ein suksess (som gjorde at eg tinga eit lass slike pinnar på ebay) …

Så kva skal eg ønske denne gongen? Må nok grubla litt over det!

Bloggar som får ein til å tenkje

Wednesday, August 15th, 2007

Av og til hender det at eg dumpar innom bloggar som verkeleg får meg til å tenkje over livet. Bloggen til Betty er ein av desse. Denne kvinna har vorte operert for brystkreft, og i bloggen sindeler ho tankar om livet og ikkje minst det å Leva (med stor L!).

Betty vart òg intervjua i programmet Det skjedde i de dager, som kan høyrast via nettradioen til Nrk via denne linken. Klikk på programmet som gjekk den 11.08.07 for å høyra programmet.

Rosa sløyfe-aksjonen

Wednesday, August 15th, 2007

Kvart år i oktober skipar Kreftforeninga og Foreninga for brystkreftopererte aksjonen “Rosa sløyfe” i Noreg for å setja fokus på brystkreft og å samla inn pengar til forsking.

Tidlegare år har eg støtta aksjonen ved å kjøpe rosa sløyfe eller andre ting som har vore relevante. I år har eg kome over ein kanskje meir spennande måte å ta del i dette på (men eg lover ingen ting enno …): Oktoberrosa!

For å bli med, skal du laga noko sjølv som kan selgast på Qxl, og inntektene går uavkorta til Foreninga for brystkreftopererte.

Kanskje dette er noko å tenke på for kreative sjeler der ute?

Valgomat

Thursday, August 9th, 2007
Eg har (etter oppmoding frå Lasse) testa kva eg bør røysta ved valet via Valgomaten i Aftenposten, og dette vart resultatet:

Rød Valgallianse:

Rød Valgallianse vil bryte ned klasseskillene, skape sosial likhet og bidra til miljørettet ressursforvaltning.

Slik ble din profil
Rød Valgallianse:

88 % | Rød Valgallianse
Sosialistisk Venstreparti:

86 % | Sosialistisk Venstreparti
Senterpartiet:

46 % | Senterpartiet
Arbeiderpartiet:

46 % | Arbeiderpartiet
Venstre:

41 % | Venstre
Kristelig Folkeparti:

32 % | Kristelig Folkeparti
Høyre:

9 % | Høyre
Fremskrittspartiet:

8 % | Fremskrittspartiet

Garn og garn og garn

Tuesday, August 7th, 2007


Var på ein liten butikkrunde i går, og sanneleg kom eg tilfeldigvis til å rota meg innom garnbutikken … Dette vart med heim: 4 nøster Kitten Mohair (30% rabatt på grunn av at fargen skulle gå ut av sortimentet), 3 nøster Alfa med glitter og ein strikkepakke til born. Strikkepakka kosta 59,-og inneheldt 2 nøster fritidsgarn (rosa og lilla), eit par små, søte strikkepinnar storleik 5 samt eit lærehefte. Ser spennande ut!

Heldige meg!

Monday, August 6th, 2007

Førre veke synast eg at eg eigentleg ikkje gjorde anna enn å vere på arbeid og å sova mellom slaga. Torsdag var eg og Tor Inge invitert heim til svigermor for å ete heimelaga elgsodd, men eg skulle (sjølvsagt) på kveldsvakt, så eg kunne jo ikkje vere med … Men svigermor veit kor glad eg er i mat, så då Mannen skulle heim, hadde ho gjort klar ei bøtte med sodd slik at eg òg skulle få! Dette fekk eg meska meg med før kveldsvakta på fredag:

Soddet inneheldt forresten mjølbollar òg, men desse unngjekk eg glatt.

Onsdag hadde eg forresten òg kveldvakt, og då eg kom heim den kvelden, sat mannen og venta på meg med biff med bearnaise, soppstuing og pommes frites. Då er det eigentleg ganske greit å arbeida ein del.

Litt misunneleg

Friday, August 3rd, 2007

Bror Lasse har vore på sommarferie med familien, og han har nokre lekre bilete på sida si. Eg må nok innrømma at eg er litt misunneleg … Samstundes så unner eg dei det òg, og er takksam fordei nydelege bileta Lasse delte med oss.

Dokke-bukse

Wednesday, August 1st, 2007

Då Even skulle til pappaen sin på sundag, kom han plutseleg dregande med ei dokke. Dokka var ein BabyBorn-kopi som Hulda hadde fått for om lag seks år sidan, men då ho fekk ekte BabyBorn, let ho veslebror overta dokka.

Stort sett har Even leika med dokke i lag med systera, og ikkje åleine, men no fortalde han at “ungen hans” skulle vere med til pappa. Eg spurde kva for namn ungen hadde, og fekk svar umiddelbart; “Han heite Tor!”. Tor hadde berre på seg ein genser, så vi måtte leite bukse til han, men i og med at det stort sett har vore jentedokker i huset, såg han ganske feminin ut i lakseraud bukse … Difor sette eg meg med i går, med trysilgarn på pinne nr 5 ogei oppskrift frå Familien, og resultatet ser de på biletet (Modell for buksa er Hulda si BabyBorn).

Prata med Even i telefonen i dag og lovde at eg skulle sende buksa i posten, så den ligg no i ein konvolutt på kjøkkenbordet og ventar. Håpar han vert glad for pakke i posten!