Veske ferdig!

Førre helg byrja eg på ei veske med garnet eg fekk frå min hemmelege ven på Hobbyforum,og no er veska ferdig. Slik såg ho ut før dekorering: Litt kjedeleg som einsfarga, kanskje, men eg likte fasongen veldig godt. Litt dekorering og stasj måtte til for å få veska slik eg helst ville ha ho, og [...]

Kosedag

I dag har eg kveldsvakt, så Even har vore heime saman med meg på formiddagen. Veret var strålande i dag, så vi har hatt litt av kvart å gjere. Even har renska fuglekassa slik at ho er klar til neste år. I år budde det ein fluesnapparfamilie der. Kanskje dei kjem att til våren? Vi [...]

Epleplukking

I dag har vi kosa oss på Inderøya og plukka eple med Besten. Eg var derimot meir ivrig med kameraet enn eg var med plukkinga … Slik vart min dokumentasjon av plukkinga:

Eg har vorte tagga!

Kristin har tagga meg. Her er reglane:1. Link til den som har tagget deg2. Fortel 7 sanningar om deg, litt forskjellig og litt rart!3. Tag 7 folk i slutten av blogginnlegget4. Legg ei melding i bloggen deira for å seie at dei har vorte tagga. 7 ting om meg:1. Eg er godtoman og særs glad [...]

Noko ferdig og noko eg har byrja på

I kveld har eg stort sett strikka og kosa meg, nett som eg sa eg skulle gjera. Eg har ete marinert kyllingfilet med ris og saus, eg har drukke te, ete sjokolade, lese vekeblad og i tillegg høyrer eg på lydboka “Presidentens valg” av Anne Holt. Desse har eg gjort ferdig i kveld: Det går [...]

Jaktenke II

Frå å berre vere jaktenke vart eg brått “den glade jaktenke”. Coop-butikken hadde 25% på mellom anna Smart og Fritidsgarn, og i tillegg har eg handla meg litt å kosa meg med i helga. Berre sjå: Sjokoladen og potetgullet vart ikkje med på biletet då. Treng ikkje å dokumentere alt for ettertida heller! Snart skal [...]

Jaktenke

I dag tok gubben med seg sekken, soveposen, teltet og bikkja og drog på fjellet på rypejakt. Og eg skal vere att heime. Han gav meg (snill som han er …) tilbod om å vere med, men eg greidde å takka nei, gitt. Kva eg skal finna på? Tja, eg har enno ikkje kome ut [...]

Visdomsord

I går gjorde mannen meg merksam på dette visdomsordet han hadde hengt på kjøleskapet for nokre dagar sidan:“Det er fred i det hjem hvor mannen er døv og kona er blind” I og med at eg ikkje såg det før han peika det ut for meg, kan ein kanskje seie at eg er blind, og [...]

Flygeblad

På denne sida finn du eit flygeblad om Oktoberrosa-aksjonen. Skriv det ut og legg det på ulike stader. Sjølv tenkjer eg å henga det på oppslagstavla på jobben iallfall.

Bursdag!

Mannen i huset fyller 36 år i dag! Ei rose til deg, Tor Inge, og gratulerer så masse med dagen! Gåve er innkjøpt, og eg gler meg til mannen er ferdig på jobb og ungane kjem heim, for det fyrste fordi eg elskar å gje gåver, og nettopp denne gåva trur eg mannen heilt har [...]