Archive for September, 2007

Lue

Monday, September 17th, 2007

Eg har strikka to luer dei siste dagane, ei til meg sjølv og ei til Tor Inge. Bilete av Tor Inge si kjem seinare, men mi ser de her:
Problemet var berre at den vesle modelljenta nekta å kvitta seg med lua, så lua mi er i skrivande stund på skulen, og eg reknar med at eg må strikka ei ny til meg sjølv. Strikka i Sandnes Alfa glitter etter eigenkomponert “oppskrift”.

God helg!

Friday, September 14th, 2007

På surferunde etter noko så interessant som kake, fann eg denne på Kunstkakeriet. Synast den var ekstremt flott og dessutan passa den så bra. I kveld har eg og mannen barnefri. Han hadde tilbod om å delta på teambuilding saman med jobben, men i og med at vi nesten ikkje har sett kvarandre i det siste, vart vi (eg?) samde om at han heller skulle teambuilde litt med meg. Elles kunne det hende det vart dårleg med team etter kvart, fortalde eg han. ;)

Kake vert det ikkje i kveld, det får venta til måndag når Tor Inge har bursdag, men biff og litt pils skal det bli. Resten av helga skal eg arbeida, og så vidt eg veit har mannen i huset planar om jakt.

God helg til alle!

Er det noko å skryta av?

Friday, September 14th, 2007

Eg høyrde Bush på TV nettopp. Han prata om suksess i Irak. I følgje Bush var det visstnok suksess at amerikanske styrkar hadde teke til fange eller drepe 1500 “fiendtlege troppar” per månad sidan januar i år. 1500 menneske kvar månad er anten drepne eller tekne til fange. Det vil seie at utan september, er det alt i alt 12000 menneske. Truleg er dei fleste drepne, andre er kanhenda torturerte, og det er noko han er stolt av? Det er meir enn eg kan forstå …

Bake bake bake

Wednesday, September 12th, 2007

I går fann eg ut at det var på tide å baka brød att. Det går relativt store mengder brød her i huset, og eg likar godt å baka dei sjølv. Eg er ikkje sikker på om eg sparer pengar på det, men den store fordelen i mine auge er at brødet smakar betre, det er litt meir næring i det og ikkje minst; eg veit kva vi får i oss når eg sjølv har bakt. (Dessutan får eg godt samvit og kjenner meg som ei Flink Mor …)

Brødet de ser her, har tre “sysken” lenger borte på benken. To brød går rett i frysaren, og to vert ikkje frose.

I går kveld, fekk eg lyst på sjokoladekake. Då eg var lita, baka mamma fleire gonger sjokoladekake til laurdagsgodt. Eg syntest det var heilt topp. Fyrst i vaksen alder har eg forstått at det var eit økonomisk spørsmål …

Men iallfall; mamma bakte sjokoladekake, og kaka var usannsynleg god! Då eg vart eldre (og familieøkonomien hadde betra seg), etterlyste eg denne kaka, men mamma greidde ikkje å hugsa kva for kake eg meinte. Ho prøvde mange ulike oppskrifter, men trefte aldri på Den Kaka. Fyrst i går kom eg på det; høgst sannsynleg var det ei formkake med kakao ho bakte! Eg googla og på Det søte liv fann eg ei Ingrid Espelid-oppskrift. Denne kaka heiter opprinneleg “formkake med kakao”. Eg kasta meg over prosjektet, og sanneleg; dette var kaka. Sprø og nydeleg skorpe, ikkje for søt og ikkje for tung. Diverre vart ho ikkje så fin, men smaken var perfekt. Tre store stykke gumla eg i meg medan eg såg Medium i går kveld. Oppskrifta er såre enkel:

125 g smør
2 dl sukker
2 egg
2 ss kakao
2 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver
150 g kveitemjøl
1 dl mjølk

Rør saman smør og sukker. Pisk inn eitt og eitt egg. Sikt saman det tørre, og vend inn det tørre og mjølka vekselvis. Dessutan skal ein visst ikkje røra for mykje (kvifor ikkje? Vert kaka tung då?). Ha deigen i ei godt smurt form. Eg nytta ei av mine vanlege brødformer, og i tillegg la eg eit bakepapir i botnen. Steik på 175 grader på nedste rille i ca 50 minutt. Test med strikkepinne (eller liknande) at kaka er gjennomsteika. La stå eit par minutt før du kvelvar ho ut av forma. Nytast med eit glas kald mjølk eller ein kopp kaffi. (I og med at kaka var ferdig så seint, vart det mjølk her i huset, og det gav skikkeleg flashback av barndomsminne) Nokon som vart inspirerte no? :)

Dagen derpå

Tuesday, September 11th, 2007

Lasse vart ikkje ordførar i Fauske. SV gjekk attende der òg, og det er eg lei meg for. Men eg veit at Lasse og partiet hans kjem til å vere gode i opposisjon, og så vonar vi at SV kjem sterkare attende ved neste val!

Lukke til, Lasse!

På tide å tenkje seg om …

Tuesday, September 11th, 2007


Den siste månaden har vore økonomisk ganske trong. Ikkje slik at vi har lidd naud eller noko, men slik at eg har vore nøydd til å tenkje både ein og to gonger før eg har lagt varer i handlekorga. Likevel; vi har hatt det pålegget vi har lyst på, vi har drukke både mjølk, juice og brus og vi har hatt (meir enn) nok middag kvar dag og laurdagsgodt i helga. For meg har det vore nesten som ein konkurranse; korleis kan eg organisere matlaging og handling slik at det kostar minst mogleg?

I dag ser eg at eg faktisk har vunne konkurransen. Ut frå det eg hadde planlagt, skulle det no vore rundt 200,- på kontoen, for i morgon er det lønningsdag. Men kontoen inneheld fire gonger så mykje! Dersom eg greier å oppretthalde konkurranseinnstinktet, vil eg tydelegvis kunne spara ganske store summar … Frå no av trur eg at eg alltid skal tenkje to gonger før eg handlar. Om ikkje anna kan ein jo bruka dei resterande kronene til noko artig?

Genser ferdig

Tuesday, September 11th, 2007

Endeleg ferdig med genseren til mannen! Han vart glad og eg vart nøgd. Men neste gong trur eg det vert genser med raglan-felling … ;)

Her er genseren utan modell. “Mønsteret” har eg stort sett teke ut av hovudet, men grunnoppskrifta hadde eg frå eit Gjestal-hefte. Genseren er strikka i Topp-t-tå-garn, og det gjekk raskt å strikka. Sjølv om eg innimellom hadde lyst til å gje opp heile prosjektet …

Her er genseren med modell. Som de ser er han ganske fornøgd. :)

Vesle Even er forresten veldig misunneleg og ønskjer seg svart og grøn genser med “hatterifnatter og spøkelse” på. Eg reknar med “hatterifnatter”er hattifnatter frå Mummidalen. Men finnast det mønster på desse då?

Valdagen

Sunday, September 9th, 2007

I dag har eg og Tor Inge vore i Soltun grendehus og røysta. Diverre stilte ikkje partiet mitt noko liste til kommune- eller fylkesting denne gongen, så eg måtte finna eit alternativ. Det som var viktigast for meg denne gongen, var skule. Barneskulen er for liten, og det må byggast nye lokale, men usemja har vore kva ein skal gjere med ungdomsskulen. Nokre parti har meint at ny ungdomsskule bør byggjast ved vidaregåande, men dette er noko eg ikkje ynskjer. Eitt av partia som har uttalt seg tydeleg mot flytting av ungdomsskole er SV, og dette var ei av årsakene til at mi røyst denne gongen gjekk til nettopp dei.

I år er forresten lokalvalet i Fauske kommune òg spennande for meg, for der stiller bror Lasse som ordførarkandidat. Det hadde vore tøft å kunne seie “bror min, som er ordførar …”. Dessutan er eg heilt sikker på at han kjem til å gjere ein kjempejobb dersom han blir ordførar, for han er ein særs fornuftig fyr. :)

Heia Lasse! Og godt val til dei som les bloggen min.

Puh!

Friday, September 7th, 2007

No har eg endeleg teke ein pust i bakken. Til no i dag har eg:

Bakt brød. Desse står i omnen no. Og det luktar nydeleg, om eg skal seie det sjølv. (Og det må eg jo nesten, for den einaste som er her i lag med meg er Even, og han har ikkje kommentert det enno)

Skore opp 5 kotelettar og to kjøttpølser som skal vere med i middagen i dag …

… og laga sausjamninga som er basisen for lapskausen vi skal ete. Denne har Even prøvesmakt, og han meinte det var godt. Det som ligg og flyt i sausen er bein frå kotelettane. Eg hadde ikkje kjøttkraft til sausen, så eg sette til buljong, og kokar som de ser kotelettbein i lag med sausen. Reknar med det gjer susen, eg.

Og no syntest eg at eg fortente ein kvil, om ikkje anna så for å skryta over kor flink eg har vore. Eg skal straks springa over golvet med moppen slik at det iallfall luktar reint til helga!

Trønderskrøne

Thursday, September 6th, 2007

I bloggen til Tromp fann eg ei trønderskrøne de bør lesa: The Tromp Tower: Arti trønderhistorie
Trøndarar fornektar seg ikkje. :)