Tag

Lise har tagga meg med ei utfordring som er på engelsk: YOUR ROCK STAR NAME: (first pet & current car) = Siri Voyager YOUR GANGSTA NAME: (fav. ice cream flavor, favorite cookie) = Vanilla Safari YOUR “FLY GIRL” NAME: (first initial of first name, first three letters of last name) = Mgau YOUR DETECTIVE NAME: [...]

Endeleg!

Endeleg har eg tid og ork til å blogge att! Som eg skreiv i førre post, hadde vi besøk av pappa og Synnøve førre tysdag. Hulda var smart nok til å syne Besta noko ho ønska seg i ei av strikkebøkene mine, og i mangel på scanner, vart oppskrifta kopiert slik: Ikkje noko problem når [...]

Slapp bloggeveke

Denne veka har alle dagane vore travle. Måndag, onsdag, torsdag og fredag var det arbeid, tysdag hadde vi kjempekoseleg besøk av pappa og Synnøve, i går var eg og Tor Inge på bursdag, og i dag skal eg på arbeid att. Neste fridag er torsdag. Eg gler meg allereie!

Genser med gut

(eller gut med genser då). Her ser de genseren i bruk:

(Hyper)aktiv fredag

I dag fekk eg ei rosande tekstmelding om aktivitetsnivået mitt frå syskjenbarnet mitt, så eg fann ut at det passa bra å skryta litt meir. I dag er det eg, Thomas og Even som har vore heime, og eg har vaska huset slik at det vart godt å ta helg etterpå. Som belønning til meg [...]

Boka til mamma

Som de veit, gjekk mamma bort 6. januar i år. Ho var eit skrivande menneske, og etterlet seg mange dikt som ho drøymde om å gje ut i bokform ein dag. Og veit de kva? Oddvar, min kjære stefar, har no bestemt at dette skal setjast ut i livet. Det einaste som står att no, [...]

Gut på tur

Even og fire andre av dei eldste i barnehagen skal på hyttetur i Vera og liggje over ei natt. Even var oppsatt på å ha med seg fiskestanga, så her ser de han klar for tur; sekken på ryggen, sovepose i ei hand og fiskestanga i den andre.

Synd på meg …

“Nokon” synast veldig synd på seg sjølv … I ettertid har bandasjen vorte fjerna, noko som er ei soge for seg sjølv. Å fjerna bandasje frå poten til ein hund med angstanfall er definitivt ikkje lett! Ved første forsøk måtte vi gje opp, og dagen etter ringde eg dyrlegen. Han meinte vi burde komma dit [...]

Løp og kjøp!

Fram til søndag kveld klokka 22 kan du kjøpa lekre handlaga ting i Oktoberrosaauksjonen. Desse gjenstandane er laga av kvinner rundt om i Noreg, og dei er gjeve bort til auksjonen for at pengane vi betalar kan gå direkte til Foreininga for brystkreftopererte. Her er det masse flott! Ta turen innom og gjer gjerne litt [...]

Sjuklingen

Den tidlegare omtala sjuklingen var til dyrlegen, og slik vart resultatet: Då dyrlegen endeleg fekk sedert hunden (som forøvrig oppførte seg som om han trudde han aldri skulle koma heim meir), fann han ut at Reico hadde kløyvd ei klo på venstre frampote. Denne vart desinfisert og bandasjert, og Reico fekk penicillin og smertestillande. På [...]