Julehandel

I går var eg og Tor Inge i Trondheim på julegåvehandel. Det vart med ein julegåve til oss sjølve og:

Frå før har vi to støvsugarar: Ein Volta som er bortimot antikk. Eg arva han etter mamma, og den er lekkert 70-talls oransje nesten utan filtrering trur eg. Iallfall har det ofte stått ei støvsky bak støvsugaren ved oppstart, så den har kanskje spreidd meir støv enn den har sugd opp. Den andre støvsugaren vår er av nyare dato, men den hadde eit uhell med ei glo, og etter det har den laga fæl lukt ved bruk … Så i går, då pengane likevel flaug ut, vart denne støvsugaren med heim frå Obs. Så no kan det hende sofaen blir rein til jul. ;)

Elles driv eg i dag med innpakking av kalendergåver til ungane. Koseleg syssel på ein søndag!

Tags: ,

No Responses to “Julehandel”

  1. Anita Says:

    Så bra… Dokk fortjene en ny støvsuger…
    Personlig syns æ den e bra!!! Vart nemlig med ein sånn heim med mæ fra Prixen for ei tid tebake og vi e goe vænna :-)

  2. Kristin Says:

    Fy! Dere var i Trondheim og så svingte dere ikke innom Stjørdaln for en kaffe engang? *furte*

  3. Betty Boom Says:

    No skal jeg gå og bli venner med vår støvsuger også :-D

Leave a Reply