På oppmoding frå Lasse presenterer eg min eigen årskavalkade for 2007: Januar: Året byrja ganske ille med at mamma døydde 6. januar. Dette var jo midt i det siste året på sjukepleieskulen, og no, eitt år etter, ser eg at det nok hadde gjort meg godt med litt meir hjelp frå skulen. I staden fekk [...]
I dag er Even 5 år. Her leiker han med den nye hesten og stallen han fekk frå oss her heime. Frå gudmor og gudfar på Fauske fekk han ein flott strikkegenser som eg trur han skal pynta seg med i kveld, så det dukker nok opp bilete av den òg. Elles kjem nok dei [...]
Så kom boka til mamma ut til sist! Oddvar fekk gjeve ho ut på eiga hand,og vi er kjempestolte! Biletet er lånt frå oppslaget Trønder-Avisa hadde om saka. (Riktig nok inneheldt det faktafeil, men det får stå sin prøve … ) For interesserte: Boka kan kjøpast ved å kontakta Oddvar eller meg, og ho kostar [...]
Å vere på arbeid på julaftan var faktisk ganske koseleg. Og då eg kom heim vart det pakkeåpning. Vi fekk masse flotte gåver (takk til alle!), mellom anna fekk vi byrja på samlinga vår av Flora-serviset til Jon Østeng Hov. Vi har no krus ogfat nr. 7, 14 og 15. Vi fekk 2 stk av [...]
Klokka er snart eitt på julaften, på TV syner dei “Reisen til julestjernen”, og her sit eg og skal på arbeid om omlag to timar. Tre av ungane drog til sine respektive foreldre i går, og for litt sidan køyrde Tor Inge og Hulda til venninna mi Anita for å feira kvelden i lag med [...]
Det har vorte lite blogging desse dagane. Denne veka er den veka i turnusen min eg arbeider mest, og det passar eigentleg dårleg siste veke før jul … Likevel rekk eg litt anna òg; i går var eg på julelunch på jobben, og i dag har eg endeleg vore ein tur til frisøren att. Snakk [...]
I går var den store sendedagen for oss som må sende gåver rundt i landet. Men kva gjer du når du får så mykje tomrom i eska som dette: Jo, du prisar deg lykkeleg for at mottakarane har sagt at dei gjerne vil arve kle, og fyller opp tomrommet med noko av dette: Håpar mottakarane [...]
I dag har vi vore i barnehagen til Luciafeiring. Verdas finaste stjernegut er han som ser rett i kamera her: Vi fekk gløgg, pepparnøtter og lussekatter, og det var rett så triveleg! We’ve been celebrating St. Lucy’s day in kindergarden. My son is the one that stares straight in the camera in the first picture. [...]
Mamma hadde ein fin tradisjon som er god å minnast no når ho er borte: Ho brukte å senda eit adventsdikt og eit kalenderljos til oss ungane før 1. desember kvart år. Som oftast skreiv ho adventsdikta sjølv, og det er eitt av desse eg ynskjer å dela med dykk. Eg håpar de vil lika [...]
Denne helga feira vi Linn-T. sin bursdag på laurdag, med kaker,is og brus og masse gjestar. Kjempehyggeleg! Sundag var vi på “Jul igjen” på Stiklestad, der vi skulle møte bror Ketil med familie, men lagnaden var visst ikkje på vår side denne gongen. Vi venta og venta og venta på telefon frå Ketil, men neidå. [...]