Julaften!

Klokka er snart eitt på julaften, på TV syner dei “Reisen til julestjernen”, og her sit eg og skal på arbeid om omlag to timar. Tre av ungane drog til sine respektive foreldre i går, og for litt sidan køyrde Tor Inge og Hulda til venninna mi Anita for å feira kvelden i lag med ho og ungane.

Eg gler meg til eg er ferdig på jobb i kveld, for under treet ligg gåver som vi skal opna når eg kjem heim og dei andre to kjem frå Mære.

Ha ein flott julekveld alle saman!

  • Ingen postar liknar denne!

Tags:

Leave a Reply