Eg sit og ser igjennom dei ulike søkeorda folk har nytta når dei har funne sida min, og her kan ein til dømes utan tvil sjå kva for tid på året det er, utan å sjekke kalenderen. Det søkeordet som toppa lista i desember til dømes, var adventsdikt. Med dette søkeordet kjem denne sida opp [...]
“Migrene er en form for hodepine som har fulgt menneskene gjennom alle tider, og som er beskrevet i ord og bilder fra tusenvis av år tilbake. Lider du av migrene er du i godt selskap. Både Leo Tolstoj, Sigmund Freud og Virginia Woolf hadde invalidiserende migrene.” (www.helsenytt.no) Med andre ord; ein invalidiserande sjukdom for oss [...]
Lasse har publisert eit innlegg der han spekulerer på om vi i Noreg eigentleg ikkje vil ha jul. Bakgrunnen for dette er at han synast mange kastar ut jula (og skryt av det i bloggane sine) tidlegare og tidlegare for kvart år. Om eg kjenner meg treft av innlegget? Definitivt! Eg kasta jo ut juletreet [...]
Eg driv for tida og strikkar strømper som Even skal ha til bunaden sin til våren (han skal ha same bunad som i fjor, men guten er jo lenger i år …). Men det går sååå seint! Fyrste gong eg strikkar noko som liknar flettemønster, så oppmuntrande kommentarar vert teke godt i mot! Garn og [...]
På søndag pakka eg ned all julepynt og dukar og tørka støv og vaska godt. Det kjennast herleg! Merkeleg dette med at det er så godt å pakka ut julepynten, men (minst) like godt å pakka den bort òg? Problemet var at det vart i overkant minimalistisk etterpå: Den lekre duken er det stemora mi [...]
Ellen har sørga for årets fyrste tag … Kan. Berre. Skriva. EITT. Ord. Her er mine svar: Hvor er mobilen din? Veska Skildre kjæresten din? God! Håret ditt? Nyklippa Moren din? Sakn! Faren din? Trondheim Hva er favorittingen din? Leseleg Hva drømte du om i natt? Gløymd Hva drikker du helst? Julebrus Drømmebilen? Buss! Hvilket [...]
… takk og farvel! Berre to dagar inn i det nye året fekk juletreet “reisepass”. Barnålene ramla av berre vi såg hardt på treet, og det tok utruleg stor plass i stova, så i dag hekta vi av pynten og heiv det ut. Og du milde, det gjorde godt! No kan eg kosa meg ei [...]
I dag er det 9 år sidan eg vart mamma for fyrste gong, og underet mitt er denne dama her, i full gang med pakkeåpning: Gratulerer med 9-årsdagen, store, vesle jenta mi!