Verdsvevens løyndomar


Eg sit og ser igjennom dei ulike søkeorda folk har nytta når dei har funne sida min, og her kan ein til dømes utan tvil sjå kva for tid på året det er, utan å sjekke kalenderen

25Tocopherols x x I know that the refining of wheat is an example change your life.

. Det søkeordet som toppa lista i desember til dømes, var adventsdikt. Med dette søkeordet kjem denne sida opp på fjerdeplass. Dette gjer naturleg nok at eg tenkjer og undrar meg litt over kor mange som fekk glede av mamma sitt flotte dikt i adventstida? Fekk nokon kan henda diktet i eit brev før jul? Det får eg nok aldri vita. Eg håpar berre at namnet til forfattaren i så fall vart nemnt, og det kan henda det vart, for i januar er det 13 treff på søk etter “Hjørdis dikt” …

Elles kjem strikking høgt opp på lista i det nye året, og det same gjer Arnhild Lauveng.  Eg har stor forståing for begge desse søkeorda, ikkje minst søk etter Lauveng, for ho er ei dame som verkeleg er verdt både å høyra og lesa!

Litt mindre forståing har eg forresten for denne søkestrengen: “laget en bamse med tastaturet, men eg må innrømma at eg gjerne skulle vita kva dei eigentleg leita etter. :)

Tags: ,

Leave a Reply