Skuddårsdag

Har du tenkt å fri i dag, eller har du kanskje allereie gjort det? I dag er den dagen då kvinnene “før i tida” kunne fri, og dersom mannen sa nei, måtte han gje dama 12 par hansker, visstnok slik at ho kunne skjula at hendene var utan ring etter frieriet … Eg har ikkje [...]

Hot drink and a magazine

Eg melde meg på ein swap (ein slags byttering/hemmeleg ven) på Swap bot tidlegare. Temaet var “Hot drink and a magazine”, og eg må innrømma at eg var litt spent ettersom dette var den første swapen eg var med i. Eg sendte eit norsk blad (“Kreative kvinner”) og te til USA, og fekk sjølv ein [...]

Forvirrande ver

I dag snør det att … Eit tynt lag nysnø har lagt seg på bakken, og syklane er parkerte i bua. Eg lengtar etter vår!!! Og sommar med roser som blømer i husveggen.

Ikkje akkurat sparkføre

Eg såg at Hege hadde vore på sparktur i dag, så eg tenkte eg måtte syna dykk kva ungane her i huset gjorde etter endt dag i barnehage og skule: Trur sanneleg dei hadde vårkjensle i dag!

Laurdagsgrynt

Det er laurdag, og her sit eg og er småsur for at eg har arbeidshelg. Å arbeida på ein laurdag ettermiddag er eigentleg ganske surt, synast eg. Ein går liksom glipp av heile helga. *sukk* Tor Inge driv visst og jaktar på tittelen “Father of the year”, for han har hanka tak i tre av [...]

Meir nytt

Hugsar de halsvarmaren eg strikka til meg sjølv? Den som Even stakk av med? Iallfall, eg har strikka ein til Even òg, med utgangspunkt i same oppskrift. Strikka i Sandnes Alpakka. Eit lite tips får de med på kjøpet; eg strikka denne på vranga slik at eg kunne unngå så mange vrange masker. Remember the [...]

Gratulerer med dagen, pappa!

I dag fyller pappa’n min i følge mine utrekningar 65 år! Teikninga syner korleis han såg ut for meg då eg var tre og eit halvt år, og spør du meg, har han eigentleg ikkje forandra seg stort sidan den gong. Bilete av pappa og Reico var eigentleg noko eg aldri hadde trudd eg skulle [...]

To baggy luer / 2 baggy hats

Har strikka to baggy luer som skal få nye eigarar i dag. Hulda og ein ballong står modell… Two baggy hats that I’ll give away today. My daughter is modelling with a balloon. These are my contribution (so far) for Loose Knit Group february.

Eit par til -Another pair

Dei fyrste “moltevottane” vart ganske små, så eg har strikka eit par til, litt større denne gong. Er like nøgd med desse som med dei førre, og kven som skal ha dei er allereie avgjort. The first pair of flower mittens were quite small, so I made a larger pair. It’s a present, by the [...]

Bursdagsbarn

På Fauske er det ein gut som fyller år i dag; gratulerer masse med dagen, Anders! Pakke er på veg i posten. I går hadde vi forresten åtteårsdag her i huset, og bursdagsbarnet feira med å ta med seg grillpølsa han fekk for å ete på det nye golvteppet i stua: