Har strikka Spidey-vottar som passa til lua. Mønsteret fann eg her og garnet eg har nytta er Falk frå Dalegarn (same som på lua) og pinnar nr 2,75. Totalt brukte eg litt over eitt nøste raudt garn, men ikkje eit fullt nøste av korkje svart eller blått garn. Håpar guten vert fornøgd når han kjem [...]
I går ettermiddag var me på tur ved Marka skistadion i Leksdal med klassen til Hulda med foreldre og sysken. Hulda, Even og eg kom dit fyrst, og fekk fyra opp bålet. Det var flott ver, men då sola forsvann vart det kaldt for oss vaksne. Ungane derimot heldt varmen, så klokka hadde passert 19 [...]
Glimt frå dei to siste dagane av påska: Sjølv eg går på ski! Bilen er parkert om lag 100 meter bak det huset de ser. Totalt var det kan henda 750 meter å gå frå bilen. Ikkje så langt kanskje, men langt nok for Even som ikkje har villa gå på ski før no. Men [...]
Endeleg har eg og påskeferie! No har eg fri heilt til tysdag, og det er herleg. Påska starta forresten bra, måndag fekk eg hemmeleg ven-gåve som eg trur er frå Embla på Hobbyforum. Sjå alt det lekre eg fekk! Den vesle toalettmappa er heimesydd. Flott handtverk. Eg vart kjempeglad! Tusen, tusen takk. I går hadde [...]
Etter at eg hadde vore på arbeid i går, kom eg heim til ein pakke! Mannen hadde vore og kjøpt siste bok i Millennium-trilogien slik at eg har noko å lese på i påska. Er ikkje eg heldig?!? Det eg verkeleg er imponert over, er at han har forstått at ein pakke er mykje artigare [...]
Tilfeldig ramla eg innom bloggen til Flopsy, og då vart eg merksam på eit ordskifte som har gått meg hus forni, nemleg “problemet” om sorg er ein diagnose, eller med andre ord, kan sorg gje rett på sjukemelding med tilhøyrande sjukepengar? Olav Gunnar Ballo som er lege uttalar at “Å gjøre sorg til en diagnose [...]
I går vart eg ferdig med Selbu-sokkane til Hulda. Det var eigentleg ganske spennande å strikke sokkar når det var med mønster, så dette vert kanskje ikkje det siste paret? Yesterday I finished these socks with Selbu-pattern for my daughter. March project in “Loose knit group” was socks, and I’ve always said I don’t like [...]
Bea presenterte ei utfordring, og eg gjer eit forsøk! Eg er fødd i 1977 Budde i Trondheim til eg var 10 år då flytta vi til Orkanger Difor har eg alltid problem når folk spør kvar eg kjem frå Men eg kjenner meg alltid heime der eg plasserer bøkene mine Med andre ord er bokhyller [...]
Bulleråsrennet går frå Henningvola i Steinkjer kommune til Leksdal i Verdal kommune og er 26 km langt. I år gjekk rennet av stabelen 9. mars, og det var over 500 deltakarar, og mellom dei var familien min! Tor Inge har gått løpet 11 gonger tidlegare, og Linn-Therese og Thomas har gått tre gonger før, men [...]
Dersom du har lyst til å lese nokre gode blogginnlegg i laupet av helga, kan eg tilrå desse i fyrste omgong: Hjorten skriv om kriminalitet i Noreg og Utlandet, og Betty har ei ganske så fornøyeleg historie om ein cowboy. Sjølv skal eg halda fram med selbusokkane og kosa meg i frihelga mi. God helg!