100 fakta om meg

Bea presenterte ei utfordring, og eg gjer eit forsøk!

  1. Eg er fødd i 1977
  2. Budde i Trondheim til eg var 10 år
  3. då flytta vi til Orkanger
  4. Difor har eg alltid problem når folk spør kvar eg kjem frå
  5. Men eg kjenner meg alltid heime der eg plasserer bøkene mine
  6. Med andre ord er bokhyller det fyrste møbelet eg set opp i ein ny heim
  7. Eg er fæl til å rote
  8. Og har vel eigentleg litt for mange ting
  9. Men eg synast det er triveleg slik
  10. Eg er stort sett fornøgd med korleis eg har det
  11. Men ser rom for forbetring likevel
  12. Eg er glad i høgtider
  13. Og gler meg til å pynte til påske
  14. Arbeider som sjukepleiar
  15. I turnus med arbeid dag, kveld og kvar tredje helg
  16. Har gått mykje skule
  17. men vart førebels ferdig 31. mai i fjor
  18. Og byrja arbeida 4. juni
  19. Frå fyrste januar i år vart vikariatet mitt gjort om til fast stilling
  20. Det gjer at eg kjenner meg trygg
  21. Eg er generelt alltid litt skeptisk til nye ting
  22. men eg våger prøva sjølv om eg i utgangspunktet er negativ
  23. Og veldig ofte vert eg positivt overraska
  24. Eg har to ungar
  25. og sambuaren min har tre
  26. Heilt sidan dotter mi vart fødd, har eg ønska meg ein stor familie
  27. Men no trur eg vi har ungar nok!
  28. “Minstemann” vert skulegut til hausten
  29. Jentungen vart nyttårsbarnet i Trøndeleg
  30. Og guten er fødd 31. desember
  31. Eg arbeider ikkje i den kommunen eg bur
  32. Men har berre i underkant av to mils arbeidsveg
  33. Det gjer at eg får tenkt ein heil masse
  34. Eg tenkjer veldig godt når eg køyrer bil
  35. Eg har ein Chrysler Voyager
  36. og har nesten gjort meg avhengig av automatgir
  37. Eg har alltid likt katter betre enn hundar
  38. men med sambuaren følgde elghunden Reico
  39. som eg har vorte veldig glad i.
  40. Eg pratar mykje
  41. men likar ikkje spesielt godt å stå framom forsamlingar
  42. likevel har eg ein tendens til å hamna i slike situasjonar.
  43. Eg er tolmodig når det krevst av meg
  44. men kan bli veldig sint dersom noko er urettvist.
  45. Eg har sterke meiningar
  46. men fornuft nok til å endra standpunkt viss det er naudsynt.
  47. Eg tek gjerne ein frisk diskusjon
  48. men får ikkje sove dersom eg ikkje har “rydda opp” i ein krangel.
  49. Eg har ikkje vore borte frå arbeid på grunn av sjukdom enno
  50. og kjenner meg veldig heldig som har god helse.
  51. Det einaste som er plagsamt er at eg har migrene
  52. men eg har endeleg funne ein medisin som fungerer for meg.
  53. Mamman min døydde 6. januar i fjor
  54. eg tenkjer på ho kvar dag
  55. og tek vare på dei gode minna.
  56. Eg har lett for å flira
  57. men tek lett til tårer når eg er glad eller rørt.
  58. Når eg er lei meg, vil eg helst ikkje at nokon skal sjå meg!
  59. Eg er psykisk sterk
  60. og flink til å ta livet som det kjem.
  61. For litt over eitt år sidan byrja eg å strikke
  62. og det ser ikkje ut til at eg greier å slutte med det fyrste. :)
  63. Når eg slapper av vil eg sjå TV
  64. eller lese bøker
  65. eller surfe på nett.
  66. Eg abonnerer på Familien
  67. og er medlem i tre bokklubbar.
  68. Er periodebrukar av biblioteket
  69. men leverer ofte bøkene (alt) for seint
  70. og må betale straffegebyr.
  71. Eg likar å handla på nett
  72. og er ikkje spesielt glad i å gå i butikkar.
  73. Eg kjøper det fleste klesplagga mine på salg
  74. og er ikkje spesielt flink til å plukka ut ting som passar til det eg allereie har i skapet.
  75. Difor har eg eit overfylt klesskap
  76. men ingenting å ha på meg.
  77. Går veldig ofte med dongeribukse
  78. men drøymer om å vere meir sofistikert.
  79. Ser opp til menneske som har ein gjennomførd klesstil
  80. eller ein stilrein heim.
  81. Eg har mykje unyttig kunnskap
  82. men òg mykje nyttig
  83. om veldig mange ting.
  84. Eg lærer raskt songtekstar
  85. og dikt viss det er på rim.
  86. Eg har ein brukbar songstemme
  87. og syng mykje med brukarane på sjukeheimen der eg arbeider.
  88. Det er viktig for meg å ikkje vere uvener med folk eg omgås
  89. men ikkje så viktig at eg gjer kva som helst for husfreda.
  90. Når eg meiner noko er viktig, kan eg gå gjennom eld og vatn for saka.
  91. Eg har nettopp bytta fagforeining
  92. så eg er medlem i Fagforbundet
  93. og meiner det er viktig å utjamna skilnadene i løn mellom menn og kvinner
  94. og at vi må arbeida for at AFP-ordninga vert like god i framtida som i dag.
  95. Eg er deltidsarbeidande
  96. og ynskjer meg ikkje full stilling enno
  97. men eg vil ha slutt på ufrivillig deltid.
  98. Eg er spent på framtida
  99. og fornøgd med livet fram til no.
  100. Og glad for at eg kom til 100 til slutt. Det vart ei veldig lang liste!

Tar du utfordringa?

Tags:

No Responses to “100 fakta om meg”

  1. Strikkepanja Says:

    Dette var en fin liste. Jeg føler at jeg kjenner deg litt nå, selv om det er første gang jeg besøker bloggen din. Jeg har ikke blogg selv, men finnes på Ravelry.

  2. Bea Says:

    Så flott at du tok utfordringa! Og så fant eg meg ein ny blogg å følgje med på óg :)

  3. Lasse G. Dahl Says:

    Abonnerer du på Familien?!

  4. minica Says:

    Strikkepanja: Hyggeleg at du tok turen innom. Eg fann deg på Ravelry! ;)

    Bea: Det tek eg som eit kompliment. Velkommen som lesar! Neste gong du legg att ein kommentar vert den forresten synleg med ein gong. Måtte leggje inn moderering på grunn av spam.

    Lasse: Jepp. Eg kunne ikkje lenger smuglesa blada på Inderøya, så då vart det abonnement på meg.

  5. Nabbmo Says:

    Hei!
    Så moro med disse listene!
    Har ikke vært her før, men fant deg gjennom Bea!
    Ha en fin dag Monica!

  6. Beyla Says:

    Så søt liste du har :) Jeg likte å vite 100 nye ting om deg!! Jeg abbonerer også på familien.. kunne ikke smuglese naboen sitt i all evighet heller liksom :)

  7. sipusa Says:

    Ja…det spørs om jeg tar denne altså, så får jeg proppe dere full av viten om meg…hehe;-D

    Bra skrevet forresten!

Leave a Reply