Bulleråsrennet 2008

Bulleråsrennet går frå Henningvola i Steinkjer kommune til Leksdal i Verdal kommune og er 26 km langt. I år gjekk rennet av stabelen 9. mars, og det var over 500 deltakarar, og mellom dei var familien min!

Tor Inge har gått løpet 11 gonger tidlegare, og Linn-Therese og Thomas har gått tre gonger før, men for Hulda var det fyrste gong. Mor (altså eg) var i utgangspunktet negativ til at jentungen skulle legge ut på dette, for det har vore minimalt med ski-trening denne vinteren. Dei fire fyrste kilometrane er bratte oppoverbakkar, og det hadde vel iallfall vore nok til å ta “nuven” av meg …

Dei var litt nervøse og veldig glade og spente før start alle fire:

Thomas kom fyrst i mål av dei fire. Han kom faktisk før eg fekk somla meg opp på skistadion for å sjå at han gjekk inn …

Neste deltakar av “mine” var Linn-Therese:

Og til sist, Hulda med Tor Inge i hælane:

Like framom målstreken:

Alle fire var fornøgde og seier dei skal gå neste år òg, og Hulda var rimeleg stolt over å prova at mamma er ei pyse. ;)
(Eg er forresten veldig stolt over å ha ei dotter som er både flinkare til og meir interessert i å gå på ski enn det eg er!)

Tags:

No Responses to “Bulleråsrennet 2008”

  1. Pappa Says:

    Dette ser jeg på som en stor prestasjon. Det lengste jeg har gått på ski, var
    tremila til skimerket i militæret. Og det var ikke frivillig! Klarte ikke merket
    heller forresten.

Leave a Reply