Archive for March, 2008

Selbusokk på pinnane

Thursday, March 6th, 2008

Eg skal på kveldsvakt i dag, og har åtvara mannen om at det ikkje vert gjort noko husarbeid i dag. Eg er LAT! Og tek meg lov til å vere det. I staden for å gjere noko fornuftig, sit eg krølla opp i sofakroken med dette: Mitt fyrste forsøk på selbusokkar. Naturlegvis hadde eg ikkje garnet som eigentleg stod i oppskrifta, men eg fann ut at dette var eit flott høve til å bruka litt av det utgamle Mor Aase-garnet mitt. Det er ull og akryl, og har vel ikkje vore i handelen på ganske mange år … Men det ser ut til å vere eit godt sokkegarn.

Elles har eg endeleg fått ferdig desse vottane som eg starta på i fjor. Dei har mangla knapp og heklekant, så ein kveld tok eg mot til meg og gjorde eit forsøk på hekling, og det vart då sanneleg ikkje så verst. Knappane fekk eg frå Sipusa i Hemmelig Sommervenn. :)

I går orka eg forresten heller ikkje å gjere noko fornuftig, så då laga eg klubb og duppe, for då vert mannen så lykkeleg at han ikkje tenkjer eit sekund på at det er det einaste eg har gjort den dagen.

Gratis mønster / free patterns

Wednesday, March 5th, 2008

denne sida ligg det massevis av gratis strikkemønster. Sjølv vart eg mest imponert over alle vottane.

On this page you find lots of free knitting patterns. I especially enjoyed the page with mittens. Enjoy!

Nattsokkar/Night socks

Monday, March 3rd, 2008

Eg er alltid kald på føtene om natta, så no har eg strikka meg nattsokkar i Sandnes alpakka!

I always have really cold feet at night, so now I’ve finally knitted a pair of “night-socks” in soft, lovely alpacca yarn.Goodbye to cold feet! Since I actually hate knitting socs, it fits me perfect that march is socks month in A loose knit group. I’ve actually finished my march project already. Wonder what April will bring. :)