Påskeferie!

Endeleg har eg og påskeferie! No har eg fri heilt til tysdag, og det er herleg.

Påska starta forresten bra, måndag fekk eg hemmeleg ven-gåve som eg trur er frå Embla på Hobbyforum. Sjå alt det lekre eg fekk! Den vesle toalettmappa er heimesydd. Flott handtverk. Eg vart kjempeglad! Tusen, tusen takk.

I går hadde eg ein fridag, og då var vi på Leksdal il sin skistadion. Det var litt kald vind, men det var sol, så vi fyra bål og grilla og storkosa oss.

I går ettermiddag vart eg forresten ferdig med Spidey-lua (ravelry-link)til Even. Bilete-kvaliteten kunne ha vore betre, men dette er det eg har nett no. Guten vart nøgd, og det er nok for meg.

Ha ei riktig god påske alle saman!

Tags: , ,

No Responses to “Påskeferie!”

  1. Hege Says:

    Ha ei flott påske!

  2. Ellen Says:

    For ei fin Spiderman-lue! Har du oppskrifta?

  3. minica Says:

    Adressa til oppskrifta (vart feil i innlegget, men skal vere retta opp no vonar eg) er http://pumpkinknits.blogspot.com/2007/10/spidey-chart.html

  4. Ellen Says:

    Takker! Flere spørsmål: Hvilke pinnenr. og hvilket garn brukte du på lua til Even? Tror nok jeg må strikke en slik til Knotten som mister den hele tida.

  5. minica Says:

    Eg nytta Falk frå Dalegarn og pinnar nummer 3 trur eg. Lua har fått status som “ynglingslua” til Even. :)

  6. tankar ved eit tastatur » Blog Archive » Takk for det gamle! Says:

    [...] gjekk av stabelen i mars, og Hulda var med for fyrste gong. Eg strikka både spidey-lue og -vottar,  og vi hadde mange flotte turar i herleg ver i [...]

Leave a Reply