Eg syntest så synd på Hege i dag då vi var ved sjøen. Stakkar Hege saknar våren, så desse bileta er til deg (og andre som ventar på våren) frå meg, med ønske om at du (og andre) òg snart får vår: Ja visst gör det ont Ja visst gör det ont när knoppar brister. [...]
I dag har vi vore på Sandvollan og sett ut båten til Besten: Dette gjekk smertefritt, og vi ser fram mot mange flotte dagar på sjøen. Skjelvågen er ei perle, berre ta ein kikk:
Ein forstår at ein går for mykje i Helsevesenets Uniform når planane om ein kopp kaffi i lag med ei dame frå jobben utløyser arkeologiske utgravingar i klesskapet for å finna noko som er presentabelt nok til meir enn å køyre til og frå arbeid …
No har eg gjort designer av meg! Hulda ville ha flaggermuslue, og det var umogleg (for meg iallfall) å finna ei god oppskrift, så eg måtte laga ho sjølv. Oppskrifta ligg ute som pdf-fil til gratis nedlasting både på norsk og engelsk. Norsk utgåve: flaggermuslue My own design! Hulda wanted a bathat, and since I [...]
No har eg vore “snill og grei” og venta på at Ivar Moe skulle tillata meg å posta svaret hans på nettsidene mine, men i og med at eg no har venta heilt sidan 2. april, tek eg sjansen på at han synast det er greit. Han har iallfall ikkje nekta meg det. Svaret eg [...]
I dag såg eg dei! Mange, mange av dei flaug over åkrane og varsla om at våren er her. (Jada, eg veit at dei øydelegg avlingar og at det er ein viss smittefare med dei, men likevel) dei er då så vakre! Då eg såg dei, hugsa eg plutseleg ein liten tekst om nettopp gjæser [...]
Etter å ha fått med dei frådraga som vanta, seier Altinn: “Foreløpig utrekna sum skatt og avgift: 0 Skattar og avgifter er rekna ut på grunnlag av dei opplysningane som er registrerte akkurat no. Utrekninga må reknast som førebels.” I og med at eg har betalt skatt, har eg ikkje noko i mot det viss [...]
I andre bloggar har eg lese om ulike vårteikn, og sjølv presenterte eg jo syklande ungar allereie i februar, men no etter påske dukka det sikraste vårteiknet opp … Når eg skal ut i verda, passerer eg fleire hus på vegen opp til garden vi bur på, og i eitt av desse bur ei dame [...]
Eg er ferdig med april-prosjektet i A loose knit group, og er ganske fornøgd med resultatet. Mønsteret vart til ut frå mitt eiget hovud. I’ve finished the April-project in A loose knit group and I’m quite happy about it. I made up the pattern while knitting. This handbag is for the gift basket, but not [...]
Etter å ha knøla litt med den nye installasjonen av WordPress, liknar det på at eg endeleg har fått det til. For å vere på den sikre sida, er dette ein testpost! Bileta vart teke på isfiskekonkurransen på Leksdalsvatnet førre sundag. Vi fekk ikkje ein einaste fisk denne gongen, men vi skal nok prøva att [...]