Archive for April, 2008

Englevakt

Thursday, April 3rd, 2008

Eg er så glad for at stemora mi kom seg raskt nok på sjukehuset i går og for at vi (stort sett) har eit godt helsevesen i Noreg. Du skremde oss denne gongen, Synnøve! Vi er veldig glade i deg, veit du!

Til redaksjonen i bladet Familien.

Tuesday, April 1st, 2008

(E-post sendt til sjefsredaktør Ivar Moe, redaksjonssjef Espen Selmer-Torgersen og journalist Gro Sandvik i Familien)

Eg er den lykkelege eigar av mange nummer av bladet Familien, nokre har eg arva etter mi mor, og seinare har eg sjølv byrja å abonnera. I dag tenkte eg å ta for meg den store haugen med blad eg har hatt liggande, slik at eg kunne organisera oppskriftene i ein perm.

33 blad hadde eg vore igjennom, og eg var rett så fornøgd. Kvar midtdel vart nappa ut, lagt i plastlomme og sett i perm. Slik kan eg på den eine sida sjå innhald i kvar del, og på baksida finn eg “Torhilds lune hjørne”. Oversiktleg og greit!

… heilt fram til nummer 24/2007. Frå og med dette bladet er det ikkje lenger mogleg å nappa ut og laga oversyn slik eg har gjort tidlegare. Eg må difor øydelegge bladet, med evt å riva av framsida, slik at eg får eit visst oversyn. Skilnaden mellom arka i permen er gedigen, og eg er skuffa.

Kan eg få attende det gamle systemet som var så briljant? Ver så snill? Så kan eit stakkars rotehue få ei kjensle av at ho iallfall held oversyn over _noko_ i verda ..?

Med venleg helsing
Monica Gausen