Dagens leseglede

Viss du skal lese berre eitt innlegg til i dag, synast eg du skal ta deg tid til teksten “Karl Johan” frå Inga Gullhav.

Mondays in rainbow

Sein som vanleg, men eg kjem då etter! Annette var ute i rett tid med ein blome, og eg presenterer og ein: Ein av mine favorittar. Vakker, ikkje sant?

Mr. Postman

Postmannen har vore her med desse bøkene frå Capris til meg i dag: Look what the postman brought me today! I går fekk eg meg ei flott overrasking; Wonni hadde lagt att ein peikar til eit bilete av Flaggermuslua ho hadde strikka! Yesterday I got a surprise in my blog: Wonni posted a comment to [...]

Ikkje så verst

Formen er betre i dag. Som trøyst fekk eg desse av Mannen og ungane her om dagen: … og då må eg jo innrømma at det meste kjennast betre! I dag er formen faktisk såpass bra at eg har støvsuga golva, baka brød og i tillegg sydd litt. Min fyrste firkantpose etter oppskrift frå Liv-Toril! [...]

Mondays in rainbow

… på ein tysdag. Eg er ikkje i form for tida. Tjukk i halsen, snørrete, eg nys og ikkje minst synast eg synd på meg sjølv. I går var egfor fyrste gong etter eg byrja i jobben min for snart eit år sidan borte på grunn av sjukdom. Når eg tenkjer meg om, er det [...]

Dagen derpå

17. mai vart ein fin dag. Vi fekk sol, og det var slett ikkje så iskaldt som eg hadde frykta. Ungane koste seg, vi åt sodd, kake, jordbær, sjokoladepudding og ikkje minst is. Eg gjekk i tog saman med Even, som var rosaruss. Hulda vart foreviga då ho bar fana til klasse 3B. Legg merke [...]

123-meme

Lasse har tagga meg, og oppgåva er som følger: Pick up the nearest book. Open on page 123. Find the fifth sentence. Post the next three sentences. Tag five people, and acknowledge who tagged you. I og med at eg har ei bokhylle ved meg, vart ikkje dette enkelt, men ei bok stakk likevel eit [...]

Sim sala bim!

Frisøren min er oppgradert. Idag fann eg ut at han ikkje er frisør, han må vere tryllekunstnar! Å få ei litt sliten, gråhåra(!) dame som ikkje heilt finn formen til å bli sjåande ut slik som dette, er ein tryllekunst. Det er fleire år sidan eg har hatt pannelugg, så det var ei artig oppleving. [...]

Mondays in rainbow -Red

Annette vil gjerne ha oss med på å posta bilete i regnbogefargar. Fyrst ut er naturleg nok raud, og her er mitt bidrag; Dette er jentungen i heilraudt for 7(!) år sidan. (Det gjer meg ganske gamal, trur eg). Ho var (og er) eit “blomsterbarn”, der det dukkar opp blomar, der er ho og plukkar [...]

Monica gjer ting ho ikkje kan

Det er aldri for seint å læra seg noko nytt, tenkte eg, og sette meg til ved mamma si gamle symaskin. Og sanneleg, etter mykje prøving og feiling, greide eg å laga noko som liknar ei veske: I pur glede måtte eg jo berre nytta det bandet eg fann mellom mamma sine gamle stoffrestar til [...]