Lang reise

Heimturen til dei store ungane vart slitsam i dag. Då dei nesten var heime måtte dei over i buss for dinest å hoppa på toget att grunna (nok eit) sprengingsuhell. Det var godt å sjå dei att, og merkeleg å tenkje på at dei verkeleg er så store at dei kan ta ein slik tur [...]

Syndefloden?

Så ille regna det faktisk her i dag! Og det tora og lyna på toppen av det heile. Usj! Even hadde forresten forklaringa på kvifor dette uveret var over oss; ein gut i barnehagen hadde nemleg sagt at gud var dum … På tide å byggje ein ark då, kanskje?

Mors nye leike

Skattepengane har kome, og då er det om å gjere å bruka dei snarast råd … Eller, heilt slik var det ikkje. Sanninga er at vi er så svineheldige å ha eit digitalt speilreflekskamera, men dette kameraet er for stort til å dra med seg på turar, og difor vert det ofte få “tur-bilete” på [...]

Store ungar

Tre store ungar reiste med toget i dag. Hulda (9), Linn-Therese (11 til hausten) og Thomas (13) tek toget frå Verdal til Mo i Rana heilt åleine! På Mo skal dei møta tante Ingvild som skal følgja dei heilt fram til Lovund, og så skal dei vere der til måndag før det vert same tur [...]

Kvardagstrøyst

I ein av “roteboksane” på kjøkkenet mitt ligg det fire lappar. Dei er frå eit gruppearbeid på sjukepleiarskulen. Vi var 5 på gruppa, og oppgåva gjekk ut på å ta for oss kvart enkelt gruppemedlem og seie noko positivt om denne personen. Spennande og interessant å trekke ut det mest positive med ein medstudent, og [...]

For å skrive om noko anna enn

vesker, så ikkje Betty trur det har rabla heilt for meg, ville eg berre visa dykk nokre glimt frå hytteturen vi var på i helga. Vi leigde idylliske Lustadstua i Ogndal i Steinkjer frå fredag til sundag. Her er det ikkje innlagt vatn, og straumen solcellepanelet genererer er eigentleg ikkje meir enn til det absolutt [...]

Stooor veske

Eg måtte berre ha meg ei stor veske, og då eg ikkje fann den eg skulle ha på Verdalsmartna’n, så tok eg sak(s)a i eiga hand og sydde: Veska er som sagt stor, og ho rommer det meste, både lesestoff og strikketøy. I tillegg har ho regulerbar reim, så eg kan bera ho på skrå [...]

Flower power

Eg fekk pengar i bursdagsgåve frå både pappa og Synnøve og Oddvar, og alle meinte eg kunne kjøpa noko til meg sjølv. Resultatet vart at eg nesten ikkje vågar bruka pengane, for eg veit ikkje heilt sikkert kva eg vil ha. Men iallfall, litt pengar brukte eg på jysk her om dagen til stoff, og [...]

The game

I found the game over at Green Jello,and I loved it! Here goes: a. Type your answer to each of the questions below into Flickr Search. b. Using only the first page, pick an image. c. Copy and paste each of the URLs for the images into fd’s mosaic maker). There’s a group you can [...]

Hemmeleg ven!

Postmannen tuta utanfor her i dag, og dette var årsaka: Han hadde med ei STOR pakke til meg frå “Hemmelig venn, Sandnes”. (Siste omgang i 2007-2008-omgangen med Hemmeleg ven på Hobbyforum) Det er ikkje berre ei pakke, men to som heng saman: Eg reiv opp papiret, og i den fyrste pakka var dette: Så MASSE [...]