Flower power

Eg fekk pengar i bursdagsgåve frå både pappa og Synnøve og Oddvar, og alle meinte eg kunne kjøpa noko til meg sjølv. Resultatet vart at eg nesten ikkje vågar bruka pengane, for eg veit ikkje heilt sikkert kva eg vil ha. :) Men iallfall, litt pengar brukte eg på jysk her om dagen til stoff, og stoffet vart i dag nytta i dette vendbare bærenettet med lomme:

Framleis er eg ikkje heilt trygg på korleis eg skal gjere alt, men eg fekk òg gåvehjelp på det punktet, for frå Ellen, Lasse og ungane fekk eg ei bok om korleis ein kan sy vesker sjølv.

Hanken er kanhenda litt kort, får sjå om eg skal laga lenger hank viss eg skal laga fleire.

  • Ingen postar liknar denne!

Tags:

No Responses to “Flower power”

  1. Strikketaus Says:

    Flott handlenett, i fine fargar.
    Supert at ein kan bruke det på begge sider.

  2. Lasse G. Dahl Says:

    Flott og se at gaver kommer til nytte!

  3. Jorun Says:

    Vel anvendte penger ;-)

    Og så pen nye-bloggen er!

Leave a Reply