Hemmeleg ven!

Postmannen tuta utanfor her i dag, og dette var årsaka:

Han hadde med ei STOR pakke til meg frå “Hemmelig venn, Sandnes”. (Siste omgang i 2007-2008-omgangen med Hemmeleg ven på Hobbyforum) Det er ikkje berre ei pakke, men to som heng saman:

Eg reiv opp papiret, og i den fyrste pakka var dette:

Så MASSE i pakka! Det svarte er ein sekk/veske som passa meg perfekt, og i tillegg var det korsstingsbroderi, cd, utruleg lekre smykker, tøflar, lypsyl, refleksband og kort!!! Og enno hadde eg ei pakke att:

Sjå alt dette garnet! Di to øverste nøsta er Chiri alpakka og dei 9(!) andre er Naturgarn no 1. Eg har aldri vore borti nokre av desse, så det vert spennande. Chiri er suuuupermjukt, og må nok bli eitt eller anna kosehalsplagg til med sjølv trur eg. Kooooose!

Tenk å få SÅ masse på ein heilt vanleg tysdag! Og eg har ikkje peiling på kven min velgjerar er … Det einaste er at eg tenkjer helsesektoren pga reklamen på lypsylen og refleksbandet. Den lypsylen er forresten fantastisk god. Eg fekk ein slik på eit kurs ein gong, og vart kjempe lei meg då eg mista den. (Kløne!)

Tusen tusen takk, min hemmelege ven!

  • Ingen postar liknar denne!

Tags:

No Responses to “Hemmeleg ven!”

  1. Hege Says:

    Så flott pakke du har fått! Mye spennende garn der ja ;)

Leave a Reply