Tankar ved eit tastatur


   Jun 09

Meme om meg!

Ellen har tagga meg, og det var eigentleg bra, for det byrja kan henda å sjå ut som om eg var heilt vekk. Årsaka til at det ikkje har vore så mange blogginnlegg den siste tida, er veret (SOL!), arbeid (varmt!) og bursdagsfeiring (eg vart tjueelleve år for ei veke sidan, og her i huset har vi opptil fleire selskap for kvar bursdag ).

Iallfall, her kjem sanningane om meg:

  1. For ti år sidan gjorde eg: Vel, det eg minnast best frå sommaren 1998, var eigentleg den store Overraskinga. Eg hadde flytta frå eit relativt turbulent og øydeleggande sambuarforhald, og stasjonerte meg midlertidig hjå mamma og Oddvar. Eg gløymer aldri den dagen eg og mamma var ved Skjelvågen kai, og eg plutseleg vart svimmel. “Det er vel varmen” sa eg. Mamma såg på meg med røntgenauge, og sa “Har du hatt tida di, då?” … Og, vel, nei, eg hadde vel sant å seie ikkje hatt menstruasjon på ei stund, men på grunn av turbulensen i privatlivet, hadde ikkje det vore i tankane mine. Så, det var den store overraskinga. Verdas vakraste nyttårsbarn som vart fødd 00:05 den 1. januar 1999.
  2. 5 ting på gjeremålslista mi i dag: Kose meg framom datamaskina, vurdere om eg er nøydd til å gjere husarbeid (og eventuelt gjere det), slå ihjel dei to irriterande fluene som svirrar rundt her, sjukepleiarmøte på jobben og kveldsvakt.
  3. Snacks eg likar: Lakris (men ikkje lakrisbåtar), ostepop, potetgull, sjokolade … Det finnast ikkje mykje eg ikkje likar, iallfall.
  4. Ting eg ville gjere viss eg var milliardær: Kjøpe draumetomta og byggje draumehuset, ny bil, hytte ved sjøen kanskje? Og båt! Og så ville eg teke med heile familien på lang ferietur, medan huset vart byggja.
  5. Stader eg har budd: Risvollan og Ila i Trondheim, Orkanger, Levanger, Steinkjer og Verdal.
  6. Desse vil eg vita meir om: Hege, Lena, Anne-Grethe.

You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. You can leave a response, or trackback from your own site.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>