Mors nye leike

Skattepengane har kome, og då er det om å gjere å bruka dei snarast råd … Eller, heilt slik var det ikkje. Sanninga er at vi er så svineheldige å ha eit digitalt speilreflekskamera, men dette kameraet er for stort til å dra med seg på turar, og difor vert det ofte få “tur-bilete” på oss. Difor har eg lenge sikla etter eit kompaktkamera. Passeleg lite, helst slik at det kan bu permanent i veska, og i går vart dette med meg heim:

Det er faktisk så lekkert som biletet på eska viser. Samstundes er det såpass tungt at det virkar solid. Eg såg og kjende på mange kamera før valet fall på dette. Det har mange herlege funksjonar, og tek knakande gode, skarpe bilete.

For å gje eit døme:

Ser du flua på dette biletet?

Ho sit på sofaen, heilt til venstre i biletet.

Med beskjæring og forstørring gjort berre ved hjelp av kameraet, ser du flua betre:

Fantastisk, spør du meg!

Kameraet har 3xoptisk zoom og biletestabilisator. Og no skal eg ut og knipsa! (PS: Snille Elkjøp-mannen (det er eigentleg berre ein som er verdt å handla med på Elkjøp Levanger, men han er til gjengjeld såpass dyktig at han gjer opp for mange av dei andre som arbeider der) sendte med meg ei Samsonite bæreveske til kameraet, så no ligg det trygt og beskytta i veska)

Tags: ,

No Responses to “Mors nye leike”

  1. Lena Says:

    Hei. Har dette kameraet jeg også, og det er bare helt herlig. Var uheldig å miste det på tur til Danmark, så nå må jeg høre med reiseforsikringen min… Ha en fin uke:)

Leave a Reply