Sjølv eg kjenner at eg er nøydd til å kommentera at Blondinbella fortel om eit seksuelt overgrep ho har vorte utsett for. Eg var innom Maria Mytterist sin knakande gode post om overgrep, og ramla derifrå inn til Blondinbella og hennes postar frå ho vart utsett for overgrep og dagane etterpå. I den nyaste posten, [...]
Eg har rydda i ei kommodeskuff med toppar. Nokre toppar er for store, og forsvinn til Fretex, og dei som er for små går til jentungane.
Kommoden til Even er ein fin stad for å finna declutteringsobjekt. Nokre genserar, bukser og ullkle vart lagt i pose og gjeve vekk. No er det plass til nye kle til skulestart!
Hulda og Even hadde flotte bunadar på 17. mai, men dei passar nok ikkje til neste år. Dermed vert dei gjeve vekk til søstra til Tor Inge, som har ungar i heilt passande storleik.
Blant mykje anna i rotekroken til Even fann eg to gamle barneryggsekkar. Alt for små til både skule- og turbruk for ein stor unge, så dei får bli med i Fretex-sekken tenkjer eg.
Rommet til Even har òg hatt ein “rotekrok”, men ikkje no lenger. Det fyrste som vert decluttert herifrå er ein CD-spelar som ikkje virkar lenger.
Du går fram til mi inste grind, og eg går òg fram til di. Innanfor den er kvar av oss einsam, og det skal vi alltid bli. (Frå “Ord over grind” av Halldis Moren Vesaas)
Torsdag sendte vi ungane til skogs. Eller, det er ikkje heilt sant. Dei sendte seg sjølv. Dei hadde prata om å ligge i telt ved Leklemsvatnet, som er denne perla her: Torsdag kveld vart vi med dei oppover og sette opp teltet, og eg trur ungane storkoste seg. Då eg kom fredag morgon i halv [...]
Kroken frå i går inneheldt ikkje berre kle. Eg fann ein gamal “babygym” og, og denne mangla mange delar, så den går i søpla.
Jepp, kroken på soverommet var eit skattekammer for decluttering. Eg har teke vare på babytøy! Ikkje berre nokre få, men alt både Hulda og Even har hatt, trur eg. No er det iallfall sortert, og handlaga plagg har fått vere att, i lag med diverse anna som eg “berre ikkje kan” kvitta meg med, iallfall [...]