Arbeid og blogging


Det er ikkje så enkelt når arbeidet kjem i vegen for blogginga, men noko må ein jo leva av ..
. Eg ligg på etterskot med blogging av decluttering, men heldigvis ikkje like mykje på etterskot med sjølve declutteringa; her vert det kasta støtt og stadig.

Dag 7 av 365: Jaktstøvlane til mannen har sett sine betre dagar. Dei held han ikkje tørr på føtene lenger, og det er visst ikkje meir å bøta på. Bort med dei!

Dag 8 av 365: Vanngevær som ikkje virkar lenger er ikkje så veldig artige. Dei går i søpla
.

Dag 9 av 365: Nok eit par sko. Mannen kom sjølv med forslaget om at han hadde eit par joggesko som ikkje var brukande lenger, så dei får òg reisepass

Psychosocial History3. Patients taking nitrates little blue pill.

.

(Eg må innrømma at eg er litt spent på kva han skal ha att for all denne kastinga si. Det er ikkje heilt likt han dette …)

Forresten; Annette har kasta seg med i oppryddingsprosjektet. :)

Tags: ,

No Responses to “Arbeid og blogging”

  1. AnnetteK Says:

    Flink du er til å bli kvitt ting.
    Er veldig inspirert til å bli kvitt ting her nå, men det spørs kor lenge det varer? Er litt spent på kordan det går når eg skal byrja i jobb igjen.

    Herleg blanding av bokmål og nynorsk… :P

Leave a Reply