Det ein ikkje har bruk for …

… kan ein vel like gjerne kvitta seg med? Eg må innrømma at eg lir under “kjekt å ha”-syndromet. Eg kastar nesten ingen ting. Men på Lin sin blogg fann eg i dag eit innlegg som sendte meg i riktig retning. Her er det ei utfordring til noko dei har kalla “365 dagar med decluttering”. For å finna ut kva decluttering er, kan du sjå på denne sida.

Dette går kort sagt ut på at ein i laupet av 365 dagar skal kvitta seg med ein ting dagleg, anten ved å kasta det, selja det eller gje det vekk, alt etter kva for ting det dreier seg om.

Eg byrja i det små i dag. I kjøkkenskapet har det nemleg i lengre tid stått ei eske med mokkabønner. Det kan jo henda eg ein dag er så snopsjuk at eg et desse? Vel, når eg ikkje har gjort det hittil, gjer eg det neppe når dei er enno kvitare! Eg er veldig glad i både mokkabønner og kvit sjokolade, men dette er på eit vis ingen av delane …

Desse gjekk i søpla i dag. No er det berre 364 att!

  • Ingen postar liknar denne!

No Responses to “Det ein ikkje har bruk for …”

  1. 1

    LURT!

  2. 2
    Ketil

    Hæ, kaste du mokkabønner!?!
    E du på styr!?!

  3. 3
    minica

    Ketil: Det var jo ikkje så mange att, og dei var veldig kvite. Og gamle. Men eg kunne sjølvsagt sendt dei til deg, det hadde òg oppfylt declutterings-”kravet”. Skal gjere det viss eg finn fleire. ;)

    Lena: Ja, ikkje sant? Kast deg på då vel!


Want to Leave a Reply?

««   ∞   »»