Hald det for deg sjølv?

Sjølv eg kjenner at eg er nøydd til å kommentera at Blondinbella fortel om eit seksuelt overgrep ho har vorte utsett for. Eg var innom Maria Mytterist sin knakande gode post om overgrep, og ramla derifrå inn til Blondinbella og hennes postar frå ho vart utsett for overgrep og dagane etterpå. I den nyaste posten, Ett övergrepp i sig, skriv ho om det å ikkje bli trudd. Eg ser av kommentarane at det er delte meiningar om kva ho har vorte utsett for (“kan det definerast som eit overgrep?”, om det er sant det ho skriv og så bortetter), men det synast eg faktisk er så dumt at eg vel å ikkje kommentera det. Det eg ynskjer å trekke fram i denne samanhengen, er kommentar #49, der AM skriv

“Tycker att du berättar lite väl mycket om ditt privatliv. Behåll nånting för dig själv istället.
Självklart ska man inte skämmas och skylla på sig själv för att man blivit överfallen men det du gör just nu är att du berättar det för hela sverige. Inte bara i din blogg utan även i tidningen som når ut till ännu fler människor. Berätta för dina kompisar och din familj, men varför ska hela sverige veta detta? Ha ett privatliv med andra ord. Du bränner många broar själv. “

Dette ordskiftet har vi vel sett fleire av i Blogglandia, men eg meiner det er viktig å ta det opp att på nytt og på nytt. Dei tankane Blondinbella møter, er tankar og haldningar mange møter når dei fortel om overgrep, uansett kva for medium dei vel for å fortelja om dette. Det er difor det er så viktig å kommentera det. AM seier at ho ikkje skal leggje skulda på seg sjølv,men seier samstundes at ho brenn mange bruer ved å gå ut offentleg med dette. Personleg synast eg det Blondinbella gjer er kjempetøft og veldig veldig viktig. Vi treng at offentlege personar våger å stå fram og fortelja om overgrep, for det er noko som hender med veldig, veldig mange, og det er heilt vanleg at folk ikkje våger å fortelja. Årsaka til dette finn ein jo raskt når ein les reaksjonane i kommentarfeltet. Det er skremmande kva folk faktisk kan lire ut av seg.

Eg håpar Blondinbella har mot nok og støtte nok til å halda fram som ho gjer, med å dela akkurat så mykje som ho sjølv ynskjer. Flott gjort!

Tags: , , ,

One Response to “Hald det for deg sjølv?”

  1. Lasse G. Dahl Says:

    Kort og godt: Enig!

    Lasse G. Dahls last blog post..VLC i Linpus Linux

Leave a Reply