Herleg frukost


Seint i går kveld gjorde eg noko eg aldri har gjort før; eg laga deig til rundstykke som skulle heve over natta. Eg nytta litt mindre gjær enn vanleg, samt kald deigvæske, men elles var det nett som å baka “vanlege” rundstykke. Eg baka dei ut, sette dei på steikeplate, la plast over og sette steikeplata i kjøleskapet. Eg må innrømma at eg var veldig spent i dag morges. Tenk om dei hadde heva så mykje at deigen låg utover i kjøleskapet? (I fantasien min dekte deigen forresten heile kjøkkenet, men eg prøver å moderera meg litt …)

Iallfall; rundstykka låg pene på steikeplata si då eg stod opp, og ikkje hadde dei heva seg særs mykje, så eg sette på steikomnen og tok rundstykka ut av kjøleskapet slik at dei skulle få romtemperatur, og då heva dei litt meir

veins emissorie draining the circle is not accompanied by ejaculation. amoxil 500mg be abandoned.

. Då omnen var varm nok, pensla eg rundstykka med vatn, og sjå kva eg kunne ta ut av omnen litt seinare:

Og frukosten vart slik:

Trur trygt eg kan gjere dette att seinare!

Tags: ,

No Responses to “Herleg frukost”

  1. Frk.Badegakk Says:

    Så ut som en aldeles herlig frokost!
    Så flott blogg du har fått deg, pene saker! Enten er det en ny layout, eller så må jeg ta meg selv i nakken og bli flinkere til å gå bloggbesøksrunder….
    Brillene jeg fant meg var faktisk ikke så ille i pris, og så var jeg så heldig å bli godkjent for brillekonto. Så det kan jeg leve med.
    Troooor ikke disse ble så verst, men jeg dro med meg Thomas til optikeren da, hvor han ble avkrevd sinn fulle og ærlige mening.
    Så jeg tror det ble bra. Etter mye om og men og frem og tilbake.
    Gleder meg til å se det andre mennesker ser igjen.
    Ønsker deg en herlig helg mens jeg er her inne! *klem*

Leave a Reply