Archive for July, 2008

Bloggen

Thursday, July 24th, 2008

på ein litt anna måte:

Spelet om Heilag Olav

Thursday, July 24th, 2008

Vilja de høyra kvea mitt
Og vilja de orda tru,
Om han Olav Haraldson
Skal songen her seg i snu.
Dansen dyn over vollen,
Så dansar vi no i ring.
Glade ride Noregs menn i Hildarting.

I går var vi og såg generalprøva på Spelet om Heilag Olav. Eg har sett det ein gong tidlegare, for mange, mange år sidan, men det er faktisk noko ein godt kan få med seg kvart år. (Og det høyrdest ut til at ungane var samde i det, trass i at det var både vått og kaldt)

Det var ei flott oppleving. Musikken til Paul Okkenhaug er så gripande at ein frys på ryggen fleire gongar, og med røysta til Eir Inderhaug som eit berande element vert det heile ei storslegen oppleving.

Det einaste eg vil setja fingeren på, er Lasse Kolsrud som kongen. Han vantar ein autoritet eg gjerne skulle sett. Kanhenda er det nettopp det regissør Stein Winge ynskjer, men eg synast kongen verkar litt for tafatt. Kolsrud har ikkje den utstrålinga i rolla si som til dømes Paul Ottar Haga eller Nils Ole Oftebro har hatt tidlegare.

Handlinga kjem godt fram i spelet i år. Det er ikkje levna tvil om kvifor Gudrun (Eir Inderhaug) har vorte gal, og heller ikkje om at ho faktisk er klarsynt, men når Winge fyrst har bestemt seg for at ho skal døy, hadde det kan henda vore mogleg å framheva enno betre kvifor ho vert drepen?

Og til sist; eg saknar kross-scena på sluten. Det fell litt i hop utan denne.

Kongen stupte på Stiklestad
men landet gjorde han fritt.
Sola glar bak Hermanns`snas
og landet er ditt og mitt.
Soga seier så stille
her har det store hendt.
Her er det evige altarljoset
i Norden tent.

Er du i nærleiken, ta turen innom Stiklestad og få med deg årets spel. Det er det verdt!

Decluttering 17 av 365

Thursday, July 24th, 2008

Eg er relativt nyvakna, og synast idéen til Lasse var knakande god: Dagens decluttering er berereima på veska i dette innlegget.

Elles har eg ein Plan For Dagen: På soverommet er det ein godt gøymd krok med ein haug som eg ikkje har aning om kva inneheld. Eg skal på skattejakt der i dag. Kanhenda dukkar det opp noko som vert declutteringsobjekt seinare. :)

Decluttering dag 15 og 16

Wednesday, July 23rd, 2008

Merkeleg så raskt dagane går! Men to declutteringsdagar i ein smekk fungerer då ganske greit iallfall.

I dag tok eg fatt på ein søppelsekk som har stått på rommet til Even og venta på betre tider eller noko slikt. Denne var full av kle, og heldigvis er det ein liten mann i familien til Tor Inge som er i akkurat rett storleik til å overta slikt noko. I tillegg til denne, skal eg køyra ein tur på søppelplassen i dag òg med anna småtteri eg har plukka ut i laupet av dei siste dagane. Til dømes har eg mange pappesker som skal kastast, for eg har jo sett på innhaldet i dei og sortert og kasta tidlegare, så skrotmengda i huset minkar kraftig. Og det er så GODT! (Men det visast slett ikkje enno heller … Berre for oss som veit korleis det har vore.)

Ikkje handarbeidstørke

Tuesday, July 22nd, 2008

I går og i dag har eg kosa meg med litt saum att. Har sydd denne veska tilei tenåringsjente med bursdag i desse dagar.

Veska har ei lomme på innsida, og berereima er teke frå ei anna veske som har vorte kasta tidlegare.

Pynta veska med ein filtblomst frå Panduro. Eg syntest veska vart fin med litt farge, men dersom mottakaren ikkje er samd, kan ho berre knyta opp tråden, så er pynten borte.

Proud

Tuesday, July 22nd, 2008

I just love it when my design, the bathat, is mentioned in other blogs. Strange to see a pattern made by me in a little place in Norway, being knitted other places in the world. Thank you Ravelry! ;)

Ddecluttering 14 av 365

Monday, July 21st, 2008

Har eg verkeleg gjort dette i fjorten dagar alt? Jøss!

I dag forsvann det to bereposar med barnekle ut frå huset. Dei gjekk til nokon som vil arva dei. Betre plass i skapa er ein kjempebonus!

Betty driv forresten òg med rydding, i både fysiske og mentale skap. Bloggen hennar er vel verdt eit besøk viss du ikkje har vore der enno.

Stor ståhei

Saturday, July 19th, 2008

… men ikkje for ingenting.

I dag hadde eg dagvakt, og det var ei litt stressande vakt, så eg var sliten då eg var på heimtur. Eg måtte køyra Tor Inge sin bil, for Chrysler’n som hadde vore på verkstad, hadde kome ut frå verkstaden i verre forfatning enn han var då han kom inn. Det hadde vorte bytta tennpluggar, men Noko Er Feil, for det høyrast ikkje ut som bilen går på meir enn 5 (av 6) sylindrar iallfall. Med andre ord; ikkje noko ein ynskjer å køyra lengre enn til butikken med.

Etter å ha køyrd eit stykke, høyrde eg ein merkeleg lyd i bilen. Det var som om det kunne vere ei laus tettingslist eller noko, men eg såg ikkje noko som blafra … Plutseleg mintest eg ein liknande lyd frå då eg var lita og sat på med pappa, og då hadde bilen punktert. Eg svinga ut på næraste veglomme, og ganske riktig, høgre bakhjul var nesten flatt. Litt mutt og molefunken tok eg fram mobilen og ringte mannen, som skulle koma.

Medan eg sat der og venta, la eg merke til ein bil med ei eldre kvinne inni som kom i motgåande køyrefelt, og bilen køyrde merkeleg sakte då den passerte meg, og nokre meter lengre bort, stoppa den heilt opp. Det rauk litt av bilen som hadde stoppa, og plutseleg såg eg at det var flammar under han! vart det fart på meg! Eg kom meg på andre sida av vegen, og hanka tak i kvinna som enno ikkje hadde kome seg ut av bilen før eg ringte 110. Eg fekk ut varseltrekant, og fekk hjelp av Tor Inge då han kom, samt av ein NAF-sjåfør som var på tur forbi.

Som sjukepleiar hender det jo at eg rekvirerer ambulanse, men eg må innrømma at eg aldri har fått fart på mange utrykningskøyrety på ein gong før. Fyrst kom kommandobilen til brannvesenet, så ein brannbil, deretter to ambulansar, og til sist, (då alt eigentleg var nesten over), kom det to politibilar. Dette vart ein særs uvanleg tur heim frå arbeid. Må innrømma at eg var litt skjelven etterpå, men alt gjekk bra med bilføraren og eg sjølv har oppdaga at eg tydelegvis held hovudet kaldt sjølv i situasjonar som er stressande. Mykje spenning på ein vanleg laurdag!

(Og dekket mitt vart bytta av Tor Inge medan dramaet pågjekk)

Både Trønderavisa og Adressa nemnar hendinga.

Ferie like rundt hjørnet

Friday, July 18th, 2008

No er det berre to vakter att til ferien byrjar. Eg gler meg!

Operere, redigere, reparere, decluttere …

Thursday, July 17th, 2008

Jepp, eg kjenner meg litt “pompel og pilt”-aktig for tida. I dag har eg hatt fri før arbeidshelg, og eg har gjort unna declutteringa for heile helga med ein gong.

11 av 365: Ein gamal blekkskrivar vert nok aldri brukt meir

12 av 365: Neppe ein gamal ruter heller?

13 av 365: Ei gamal lampe går same vegen.

I tillegg til dette, hadde vi med oss såpass mykje at det vart nesten fullt i chrysler’n, og så køyrde vi på skroten. Merkeleg er det, at trass i at vi kastar eit heilt lass (og vi har jo kasta fleire før) ser det slett ikkje ut til at det manglar noko som helst.