Sommardagar
No har vi hatt nokre herlege dagar, og det har vi verkeleg kost oss med.
Even er veldig glad i glad i jordbær, og det er jo sommarmat:
Fredag var vi med barnehagen på den årlege turen til Namsskogan familiepark. Dette var forresten Even sin siste dag i barnehagen. For alltid …
Slik såg det ut gjennom bussruta då vi hadde passert Steinkjer på heimturen:
Tor Inge kom syklande heim frå arbeid klokka 20:30 og vart møtt av to som hadde masse å fortelja etter turen til Namsskogan:
Og så vart det grillmat til kveldsmat:
Det er ikkje så mange dagane i laupet av sommaren i Trøndelag at ein kan vere slik kledd når klokka har passert halv ni på kvelden:
På laurdag køyrde Tor Inge til Østersund for å sjå på Linn-Therese som hadde kome til finalen i Storsjöcupen! Dei fekk sølv og ein diiiger pokal.
Vi andre tre måtte ein tur innom legevakta på formiddagen, for Hulda hadde fått ein veldig kraftig reaksjon på timotei, så augene var nesten attklistra … Iallfall, legedama hadde akuttmedisin (god effekt) samt resept på augedråper, og etterpå dro vi på Stornesøra:
Og no håpar eg berre at ikkje alt finveret er oppbrukt til eg får ferie …
- Postar som kanskje liknar:
- For å skrive om noko anna enn
- 287
- Ferieturen
- Siste feriedag i år ...
- Ferietur!




















For en sommeridyll! Jeg falt pladask for det kjempeartige elgbildet
) og så vakre øyne den har! Ønsker dere en fortsatt fin sommer!
Så heldige dere er som har det så varmt at dere kan bade…
Er dårlig med det her ennå