Spelet om Heilag Olav

Vilja de høyra kvea mitt
Og vilja de orda tru,
Om han Olav Haraldson
Skal songen her seg i snu.
Dansen dyn over vollen,
Så dansar vi no i ring.
Glade ride Noregs menn i Hildarting.

I går var vi og såg generalprøva på Spelet om Heilag Olav. Eg har sett det ein gong tidlegare, for mange, mange år sidan, men det er faktisk noko ein godt kan få med seg kvart år. (Og det høyrdest ut til at ungane var samde i det, trass i at det var både vått og kaldt)

Det var ei flott oppleving. Musikken til Paul Okkenhaug er så gripande at ein frys på ryggen fleire gongar, og med røysta til Eir Inderhaug som eit berande element vert det heile ei storslegen oppleving.

Det einaste eg vil setja fingeren på, er Lasse Kolsrud som kongen. Han vantar ein autoritet eg gjerne skulle sett. Kanhenda er det nettopp det regissør Stein Winge ynskjer, men eg synast kongen verkar litt for tafatt. Kolsrud har ikkje den utstrålinga i rolla si som til dømes Paul Ottar Haga eller Nils Ole Oftebro har hatt tidlegare.

Handlinga kjem godt fram i spelet i år. Det er ikkje levna tvil om kvifor Gudrun (Eir Inderhaug) har vorte gal, og heller ikkje om at ho faktisk er klarsynt, men når Winge fyrst har bestemt seg for at ho skal døy, hadde det kan henda vore mogleg å framheva enno betre kvifor ho vert drepen?

Og til sist; eg saknar kross-scena på sluten. Det fell litt i hop utan denne.

Kongen stupte på Stiklestad
men landet gjorde han fritt.
Sola glar bak Hermanns`snas
og landet er ditt og mitt.
Soga seier så stille
her har det store hendt.
Her er det evige altarljoset
i Norden tent.

Er du i nærleiken, ta turen innom Stiklestad og få med deg årets spel. Det er det verdt!

Tags: , , , ,

No Responses to “Spelet om Heilag Olav”

  1. Sylvia Says:

    Vil bare si at det kommer oppskrift på Coockies ved en senere anledning! Følg med.

Leave a Reply