Decluttering 53-56

Dei siste dagane har declutteringa gått litt trått. Det vil seie, eg kastar noko kvar dag, men eg minnast nesten ikkje kva eg kastar viss eg ikkje bloggar det med ein gong! Det eg kjem på i farta er at eg har rydda i ei skuff der eg mellom anna fann mange gamle brukarrettleiingar for [...]

Økomat og decluttering 51 og 52 av 365

Vi har byrja abonnera på økologisk mat frå Økomat Innherred, så annakvar veke får vi pakker med mat levert på døra. Her ser de nokre av varane vi fekk i dag: Alt smaker fantastisk, og det er verdt pengane. Dessutan et ungane masse av dette! Til dømes er tomaten spesielt god trur eg, for det [...]

Award for meg!

Sjå kva eg har fått frå Hege Var ikkje denne lekker? Kriteria er som følgjer: 1. You can give it to one or one hundred or any number inbetween – it’s up to you. Make sure you link to their site in your post. 2. Link back to this blogsite http://www.TammyVitale.com/ Purpose of the Award: [...]

Decluttering 46-50 av 365

Eg har ikkje vore verdas flinkaste til å blogga dei siste dagane. Det har vore så mykje anna spennande å driva med innimellom! Men, kvar dag tenkjer eg decluttering, og kvar bidige dag forsvinn eitt eller anna som eg ikkje treng. Dei siste dagane har vi kvitta oss med dette: Fleire gamle “heimebrente” cd-ar Eit [...]

Decluttering 45 av 365

Hulda sine utgåtte sko treng ikkje å ta opp plass i gangen. Rett i restavfallet med dei!

Decluttering 44 av 365

I dag har eg rydda i medisinskapet og kasta ting som har gått ut på dato. Betre plass vart det iallfall!

Fyrste skuledag

Even har hatt sin fyrste skuledag i dag. Det var spennande for både han og meg … Ganske mange sommarfuglar i magen, trur eg. Humøret hans betrar seg mykje medan vi ventar på å få gå inn. Her gjer han jo til og med triks til ære for fotografen! Då vi endeleg kom inn, vart [...]

Decluttering 40-43 av 365

Eg har rydda i papir i fleire dagar no. Har kasta gamle vekeplaner frå førre skuleår, blad, brev og liknande. Papirkassen har vorte full to gongar i laupet av desse dagane, så det er mykje som har gått i søpla. Ei herleg kjensle!

Award til meg!

Sjå kva eg har fått av Lena: Lena er ein sambygding, men det eg veit har eg aldri møtt ho. For meg er ho “berre” “Porcelensstrand-Lena” som eg kjenner gjennom bloggen. Likevel kan slike bloggevener vere ganske viktige, og det er spennande å følge med liva til andre gjennom bloggane deira. Tusen takk, Lena!

Ååååååååh! :(

Det er urettvist at mannen skal gå overtid i kveld òg! Eigentleg skulle han vore ferdig klokka åtte i kveld, men plutseleg vart det “krise” på jobb. Jada, eg veit litt om slike kriser. Det hender eg sjølv må gjere om på ting i siste liten, men då er det jo noko eg vel, og [...]