Decluttering 53-56

Dei siste dagane har declutteringa gått litt trått. Det vil seie, eg kastar noko kvar dag, men eg minnast nesten ikkje kva eg kastar viss eg ikkje bloggar det med ein gong! :)

Det eg kjem på i farta er at eg har rydda i ei skuff der eg mellom anna fann mange gamle brukarrettleiingar for dei elektriske apparata våre. Det er jo kjekt å ha, men eg treng kanhenda ikkje å ta vare på dei fire rettleiingane som ikkje er skrive på språk eg skjønar?

Elles er eg katalog-junkie, men tre katalogar har vorte kasta. Uåpna! Eg har ikkje tenkt å handla noko no likevel, og skulle det melda seg eit bhov, så finnast det alltids netthandel. ;)

  • Ingen postar liknar denne!

Tags:

Leave a Reply