Archive for August, 2008

Decluttering 39 av 365

Friday, August 15th, 2008

Bakerst i matskapet sto ein halvfull pakke couscous som eg trur eg til og med har hatt med på eit flyttelass, men no har eg funne ut at viss eg ein dag treng couscous så kjøper eg det. Eg treng ikkje ta vare på ein pakke som til og med gjekk ut på dato i april i år …

Den uheldige hunden

Thursday, August 14th, 2008

Tor Inge byrja etter ferien med å gå overtid på det fyrste kvelddskiftet. Med andre ord var han ikkje heime før i fire tida på natta eller noko slikt. Iallfall sov eg tungt då han kom inn og vekte meg, og eg forstod ekstremt lite då han sto der, fullt påkledd og eigentleg ganske oppkava og sa noko om at eg måtte hjelpa han med Reico (altså hunden) og ein fiskekrok.

Hjernen min gjekk på høggir medan eg sette meg opp i senga, men det heile gjekk ikkje opp for meg før hunden kom tuslande inn på soverommet med senka hovud og denne i munnen:

Han hadde fått fatt på ein fiskekrok (som hadde lege oppå frysaren i utgangspunktet), og fått seg sjølv på kroken. Den sat godt fast i underleppa hans. Så, vi kasta oss over oppgåva, eg sendte mannen ned for å henta tang til å klippe mothaker med, og prøvde sjølv å få hunden til å slutte å prøve å fjerna kroken på eiga hand. Meeeen, no er jo ikkje Reico den mest samarbeidsvillige  hunden i verda,  som eg har nevnt tidlegare. Han er veldig pysete på alt som gjer vondt, og han kan ikkje fordra at ein held han fast. Så, for å gjere ei lang soge kort; etter nokre forsøk ringte vi dyrlegevakta.

Ei trøytt veterinærdame møtte oss på dyreklinikken klokka fem om morgonen. Det var trøyst for meg å sjå at det var fleire som ikkje syntest det var det artigaste i verda å bli vekka midt på natta på grunn av ein fisk hund med krok i munnen.

Som hundeeigarar kjenner ein seg ikkje så smarte når ein står der med ein hund på kroken, men då dyrlegen hadde gjeve Reico sprøyta med sedering og vi venta på verknaden, løyste ho opp det meste av stemninga med å seie tørt: “Og når de er ferdige med fiskesesongen no, då blir det kanskje jakt?” :)

Mothakane vart klipte og kroken vart fjerna. Reico blødde bittelitt, men mykje mindre enn eg hadde frykta. Han fekk ei sprøyte med antibiotika og ei oppvakningssprøyte, og så kunne vi dra heim att.

Reico var litt utanfor og slapp tysdag og onsdag om formiddagen, men onsdag ettermiddag var han seg sjølv att, og godt er det. (Sjølv om det av og til kan vere ganske avslappande med ein slapp Reico)

Til orientering: Vi legg ikkje fiskekrokar på frysaren lenger. Aldri meir.

Decluttering 38 av 365

Thursday, August 14th, 2008

Oppgjer med “einslege sokkars liga”.

Som i dei fleste andre heimar har vi òg ein stad vi gøymer einslege sokkar, og der har eg vore no. Eg og mannen sat ein heil kveld og prøvde å laga par av sokkane. Eg fekk mange sokkar eg ikkje hadde sett på eit års tid, og dei sokkane som ikkje vart par, gjekk i søpla.

Decluttering 36 og 37 av 365

Wednesday, August 13th, 2008

Eg har byrja ein gjennomgang av kjøkkenskapa, og i dag har eg kasta ein kaffiboks som var øydelagt (og vi hadde ein heilt maken ståande, vi hadde berre ikkje bytta dei om) og ei te-boks som falma og mista fargen i vask.

(Ønske)reprise

Tuesday, August 12th, 2008

I 2002 publiserte eg ei oppskrift på “Heit haustgryte”, men på grunn av redirect-funksjonen, greier eg ikkje å få fram denne oppskrifta att, så her kjem ho i ønskereprise, sjølv om det kanhenda er berre eg som ønsker. ;)

Sånn heilt ærleg: Eg er dårleg med supper. Eg skulle jo laga suppe til middag, men resultatet vart litt for tjuktflytande til at eg kan kalla det suppe. Likevel, godt vart det. Og sterkt! :)
Heit haustgryte:

150-200 g kjøtdeig

1 fedd kvitlauk

1/2 purrelauk

1 grøn chilipepar

1 boks salatbønner

1 boks hakka hermetiske tomatar

8 dl vatn

mjøljamning til passe konsistens

Creme Fraiche

Krydder etter smak (sjølv overdreiv eg chilien litt denne gongen …)

Gjer slik:

Brun kjøttdeig i ei gryte. Tilset purre og kvitlauk og chilipepar og la surra litt før du har i bønner og tomat.

Når dette er samankokt tilset du 4-5 dl vatn. Resten av vatnet nyttar du til å få ei passe jamning på gryta etter at det har kokt i 5 minutt.

Lag mjøljamning og hell i gryta. Hugs at mjøljamninga må koka i eit par minutt før du ser effekten. Når maten har passeleg konsistens, smak til med krydder (chili, oregano, salt, basilikum …) og creme fraische.

Server med baguettar, rundstykke, loff eller andre gode, ferske brødvarer.

Ferieturen

Monday, August 11th, 2008

Her er eit knippe ferieminne frå veka i Jøssund i Flatanger:

Even har underhaldning i ein traktor!
Og Tor Inge har underhaldning i GPSen sin. ;)

Sjølvportrett!

Blankare vert det nesten ikkje …
Men attom oss ligg styggveret!

Båtførar med navigatør(ar).
Rekeaften. Det låg rekebåt ved kai i Lauvsnes då vi var der på handletur, og desse rekene var kjempegode!

I Sætervika på dagstur

I Sætervika låg båten Christoff som leikebåt for ungane.

Nokon har dekorert ein vegg med minne.

Flotte sandstrender nær Sætervika.

Denne kroken hadde Tor Inge klokkartru på. Innkjøpt i Sætervika, og skulle gje storfisk i Jøssundfjorden. Det einaste som beit på var denne flyndra.

Berga i Jøssundfjorden er mektige. Og dei går 100 m rett ned under vatnet òg!

Ein liten fiskarmann.

Vi køyrer mot kaia i Jøssund.

Ungane skulle testa flytevestane i kulpen nedanfor fossen.

Vatnet har danna ei hjarteform på berget.

Decluttering på etterskot

Monday, August 11th, 2008

Etter ei veke på ferie, er det på tide å decluttera litt på etterskot.

30 av 365: Ei flaske Dove Self Tan. Eg kunne ikkje ha vore vaken. Eg likar ikkje Dove sine produkt, og denne var ikkje noko unnatak.

31 av 365: Når jentungen har så store hol i buksene sine at sjølv ho skjemmast, er det på tide å kasta dei …

32 av 365: Eg har hatt ei bukse liggande i skapet i fleire år, men ikkje brukt ho på dei to siste på grunn av den elendige passforma. Det einaste positive eg fann med ho var at det var ikkje mindre enn 11(!) knappar på ho, så desse er spretta av og ligg i knappeboksen. Resten av buksa er lagt i “reste-tøy-korga”.

33 av 365: Guten har ein longs som har sett sine betre dagar. Hola på knea er så store at då han skulle ha den på på fisketur, kom foten ut gjennom det holet i staden for der foten skulle vera. Kasta!

34 av 365: Ein gamal kjekspakke får reisepass frå kjøkkenskapet. Den har lege lengst inne lenge og er ikkje noko eg kan tenkje meg å servera …

35 av 365: Ei gratisbok (som har vore med i eit eller anna vekeblad) er kasta i papirsøpla.

Og vips, så har eg teke meg inn att! Dette går jo strålande, sjølv med ei veke ferie. :)

287

Sunday, August 10th, 2008

ulesne innlegg i “google reader” tyder på at ein har vore på ferie.

I dag kom vi heim frå årets “store” ferietur: Ei veke på aker-hytta i Jøssund. Jøssund er ein idyllisk liten plass i Flatanger, og verkstadklubben ved Aker Verdal eig ei hytte der.

Vi kom dit på måndag 4. august, og dagane har gått overraskande raskt. Akkurat som for to år sidan vart det merkeleg nok for lite med ei veke. Det er så mykje ein vil gjere på denne veka, men vi har iallfall fått kost oss med fisking (med godt resultat), fotturar, og dei tøffaste har til og med bada i elva. I tillegg har vi sett film, spela playstation og ete masse god mat. Og vi har vore Utilgjengelege, for i Jøssund finnast det ikkje forhald for mobiltelefon, noko som faktisk er veldig godt. (Det einaste eg sakna sånn bittelitt var internett. Eg innrømmer det, men eg seier det ikkje så høgt …)

Kjem attende med bilete litt seinare. Er framleis i utpakkinga. Dessutan har eg 287 blogginnlegg å lesa. ;)

Decluttering 29 av 365

Tuesday, August 5th, 2008

Når ein fyrst er i gang(en) er det kjekt å sjå over anna ting, som til dømes sko. Eit par sko minstemann har hatt er både alt for små og utslitne, så dei kastar eg.

Decluttering 28 av 365

Monday, August 4th, 2008

Eg har hatt ei jakke hengande i gangen lenge. Den vart kjøpt rimeleg for nokre år sidan, og er litt for stor. Ei venninne av meg vart kjempefin då ho lånte den jakka, så no er det på tide at jakka skiftar eigar.